Opna hovudmenyen

Reindalen er eit dalføre i Tafjordfjella. Reindalsseter turisthytte er sentrum i rute- og hyttenettet i Tafjordfjella.[1] Dalføret er del av Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde i utkanten av Reinheimen nasjonalpark.[2]

Reindalen ligg på meir enn 700 meter over havet, men har stor furuskog mellom anna eit freda tre som er opp mot 1000 år gamalt. Omkring 1900 vart det sett opp to sager i den veglause dalen for produsere trelast av den store skogen. Plankane vart køyrt på sledeføre og deretter på løypestreng til Rødal. Trelasten var nytta til husbygging fleire stader i Norddal kommune og til ostekasser. Jacobsaga vart restaurert i 1989 av Storfjordens Venner og tilhøyrer no Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Reindalssaga (eller Petersaga) var ferdig restaurert i 2009.[3]

Reindølå har via Reindalsfossen avløp til vasskraftmagasinet Zakariasvatnet.

KjelderEndra

  1. http://ut.no/hytte/reindalseter lese på nett 14.12.2013.
  2. http://lovdata.no/dokument/MV/forskrift/2006-11-24-1304 oppslag Lovdata 14.12.2013
  3. Fjellposten nr 1, 2010 (medlemsblad for Ålesund-Sunnmøre Turistforening).