Tafjordfjella
Tafjordfjella er eit høgfjellsområde i fylka Møre og Romsdal og Innlandet. Området ligg aust for Ålesund og strekkjer seg ut over kommunane Norddal, Stranda, Rauma og Skjåk. Dei høgaste toppane er Puttegga (1999 moh.) Karitind (1982 moh.) og Tordsnose (1975 moh.).
Tafjordfjella | |||
fjellområde | |||
Karitinden 1982 moh
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal, Innlandet | ||
Kommunar | Norddal, Stranda, Rauma, Skjåk | ||
Høgd | Puttegga: 1 999 moh. | ||
Koordinatar | 62°14′N 7°44′E / 62.233°N 7.733°E | ||
Tafjordfjella 62°12′42″N 7°44′41″E / 62.2117°N 7.74472°E | |||
Wikimedia Commons: Tafjordfjella |
Av vatn i området finn ein Tordsvatnet, Veltdalsvatnet, Zakariasdammen og Grønvatnet. Ei rad vatn er regulert til magasin for kraftproduksjon. Fallhøgdene og magasina i områda blir utnytta i Tafjord Krafts nettverk av kraftstasjonar.
Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) har eit hyttenett i dette fjellområdet, som Reindalsseter, Pyttbua, Veltdalshytta, Vakkerstøylen og Danskehytta. Store delar av Tafjordfjella ligg innanfor Reinheimen nasjonalpark eller tilstøytande landskapsvernområde.