Reinlendar

(Omdirigert frå Reinlender)

Reinlendar er ein pardans, ein av dei mest vanlege innan gamaldans eller runddans. Det norske namnet tyder at han kom hit frå Rhinland. Han er i slekt med dansen schottische, og også kjent som tysk polka. I Sverige heiter han schottis, noko som tyder på at grannefolket trudde dei fekk han frå Skottland.

Reinlendar-dans på Norsk Folkemuseum i 1958.

Reinlendaren var truleg kjent mange stadar i Europa, og spreidde seg på 1800-talet frå dansesalongar i Paris til å verte ein motedans også i Nord-Europa mot slutten av hundreåret.

Musikken endre

Reinlendarmusikken går i 2/4 eller 4/4 takt, i roleg tempo. Til vanleg har han to åttetaktersreprisar.

Dansen endre

Par dansar etter kvarandre i ein ring motsols på golvet. Første turen går framover i ringen. I andre turen held dansarane fram i ringen medan dei snur parvis medsols.

Sjølve reinlendarsteget, første turen, er tre gå- eller springesteg følgd av kvile eller hopp. Dette repeterast ein gong, før omsnuinga.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre