Reinsnos
Reinsnos er ei fjellgrend i Ullensvang kommune i Vestland.
Reinsnos | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ullensvang | ||
Postnummer | 5763 SKARE | ||
Ferdselsårer | Kommunal veg til Fv100 | ||
Reinsnos 59°58′19″N 6°43′23″E / 59.972°N 6.723°E |
Ved den kjende Låtefossen i Oddadalen går eit dalføre austetter og inn i Hardangervidda. Gjennom det vide og skogkledde landskapet renn Austdølo. Elva kjem frå det store Reinsnosvatnet (597 moh) om lag seks km oppe i dalen. Frå Vassenden strekkjer vatnet seg nye fem km inn gjennom dalføret. Her ligg fjellgardane Reinsnos.
I enden av Ljosavatnet i Reinsnos ligg Foss. Her står ein bautasteinen, kjend som «Mælesteinen». Om lag 20 meter frå steinen kan ein sjå omrisset av eit to-roms hus. Under "landnåmstida" i yngre jarnalder har truleg folk teke Foss i bruk. Foss ligg sørvend og er einaste staden i Reinsnos der sola skin heile året. Her er parti med sjølvdrenerande jordsmonn - veleigna til kornavl. Foss er drivande - og under siste verdskrigen nytta Olav L. Reinsnos Foss til tobakksplantene sine. Han fekk også "tidleg-potet" på Foss.
Lenge vart Foss nytta som utslåtte av folket i Reinsnos. [treng kjelde]
Historie
endreReinsnos er nemnt som «ødejord» i skriftlege kjelder frå 1600-talet, noko som viser at staden var busett i mellomalderen.
I same familie sidan 1750
I 1750 kom Johannes Nilsson og kona Kristi Halvorsdtr. til Reinsnos. Då hadde Anders Rolfsson budd her i over 40 år (1704) og var ein gamal mann. Kona var død (1749) og borna hadde reist frå fjellgrenda. Somme slo seg ned i Odda, andre drog til Sunnhordland. Garden låg open for ny bygsling. Det var kongen sin eigedom. Sidan mellomalderen hadde fjellgarden høyrt til Halsnøy kloster i Sunnhordland.
Johannes og Kristi hadde budd fleire år i Vinje i Telemark. I K.b. for Vinje har presten Heijberg ført inn: "D. 5te Maij 1743 Johannes Nilssøns Søn Nils, Testes Jomfrue Heijberg, Signe Torbiørnsd, Asle Flaat-hyll, Are og Tosten Winnie. Året etter får Johannes og Kristi andre barnet sitt medan dei er i Vinje: "D. 20 Septbr 744 døbt Johanes Gisløses Dater Gunil, Test Sigri Edland Signe Winnie" (K.b. Vinje). Johannes er nemnt "Gisløs", noko som samsvarar med opplysningane dei gamle i Reinsnos gav (1986) om at familien kom frå Gjøsløys i Vinje. Før Johannes og Kristi drog "nord" (vestover), fekk dei enno eit barn i Vinje: "D. 15de Febr 1747 døbt Johanes Nilssøns Barn Test: Sigri Edland Christi Edland og Ole Olssøn Edland" (K.b. Vinje).
Allereie året etter er Johannes og Kristi flytta frå Vinje. I november 1748 er dei til alters i Odda, og i ferbruar 1749 får dei eit gutebarn. Den vesle vart heimedøypt "..formedelst Legemets Svaghed strax effter Fødselen... og kaldet Halvor..". Guten døydde etter seks dagar: "Søndagen æffter Mid Faste d. 23 Martij blev i Odde Kirke holdet en Ligtale over Johannes Niels Søn Sellistad sit DrengebarnHalvor der strax æffter sin hiemmedøbelse døde 6 Dage gammel" (K.b. Odda). 28. september 1749 er Johannes og Kristi igjen til alters i Odda: "Johannes Sellistad og K." (K.b. Odda). Sommaren etter var dei på plass i Reinsnos.
Krist Halvorsdtr. var frå Gjøsløys i Vinje. Far hennar var Halvor Sigvaldson Gjøsløys og Gunnhild Halvorsdtr. Midtveit. Johannes var frå Håra i Røldal. Far hans var Nils Johannesson Bratland. Truleg vart dei gifte i Røldal i 1740 eller 1741. Kyrkjebøkene for Røldal, Suldal og Sauda vart øydelagde i ein lauseld på prestegarden i Suldal juletider 1773 (Knut og Alma Dalen: Bygdebok for Røldal). Kyrkjeboka for Vinje nemner dei ikkje som gifte.
Kjelder
endre- Knut og Alma Dalen: Bygdebok for Røldal
- Kyrkjeboka for Vinje
- Kyrkjeboka for Odda