Fuglereir
(Omdirigert frå Reiret)
- For orkidéarten, sjå plantearten fuglereir.
Eit fuglereir er ein stad der fuglar legg til rette for utklekking og oppfostring av fugleungar. Reir skal gjerne fungera som trygge, lune stader for egg og fuglar som ligg på dei. Når egga er klekte skal dei vera ein stad der foreldra trygt kan forlata ungane for å henta mat til dei. På grunn av dette er 'reir' blitt til eit omgrep brukt om den trygge foreldreheimen.