Plantearten fuglereir

Fuglereir

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Neottia nidus-avis plants.jpg

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Neottia
Art: N. nidus-avis
Vitskapleg namn
Neottia nidus-avis
(Linné) R.Br.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa, vestlege Asia

Fuglereir (Neottia nidus-avis) er ei plantefuglereirslekta Neottiaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

UtsjånadEndra

Fuglereir er utan klorofyll og snyltar på andre planter for å få næring. Planta blir kring 30 centimeter høg og er brun, slik at ho kan sjå ut som ho har visna. Einskildblomane er gulbrune med relativt stor, kløyvd leppe, og sit i eit ganske stort og tett aks. Rotsystemet er svært forgreina og samanfiltra, noko som har gitt arten namn.

SystematikkEndra

Tidlegare var fuglereir den einaste representanten i Noreg for slekta Neottia, men nyare genetisk forsking har synt at den tidlegare tvibladslekta Listera skal innlemmast i denne slekta, trass i dei store morfologiske ulikskapane.[2][3][4]

UtbreiingEndra

Fuglereir veks i kalkrik skog, og har hovudutbreiinga i Noreg nær kysten frå Oslofjorden til Trøndelag.[5] Frå 2021 er arten komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[6]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn nästrot),[7] i Danmark (LC, dansk namn rederod)[8] og i Finland (NT, finsk namn pesäjuuri).[9]

Fuglereir (engelsk namn bird's-nest orhid) veks mange stader i England, Wales, Skottland og Irland. I den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[10] Lokalt er han sårbar (VU) i England,[11] livskraftig (LC) i Wales,[12] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[13] Arten er livskraftig i Irland,[14]

I Estland (estisk namn pruunikas pesajuur) veks fuglereir over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[15] I Latvia (latvisk namn parastā ligzdene)[16] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[17] I Litauen (litauisk namn rusvoji lizduolė) veks arten spreidd over det meste av landet, mest i lauvskog og blandingsskog. Han er rekna som livskraftig.[18][19]

ReferansarEndra

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar fuglereir». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre fuglereir». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. Richard M. Bateman mfl. (2005). «Phylogenetics: Neottieae». I Alec M. Pridgeon mfl. Genera Orchidacearum Volume 4: Epidendroideae 1. Oxford: Oxford University Press. s. 481–495. ISBN 9780198507123. 
  4. Richard M. Bateman (2009). «Evolutionary classification of European orchids: the crucial importance of maximising explicit evidence and minimising authoritarian speculation» (PDF). Journal Europäischer Orchideen. 41 (2): 243–318. ISSN 0945-7909. 
  5. «Artskart: Fuglereir, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  6. «Raudlista: Fuglereir». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  7. «Artfakta: Neottia nidus-avis nästrot». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Rederod Neottia nidus-avis». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  9. «LAJI: Neottia nidus-avis». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  10. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru» (PDF). Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  14. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  15. «eElurikkus: Neottia nidus-avis» (estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  16. «Latvijas daba: parastā ligzdene» (latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023. 
  17. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023. 
  18. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 76-77. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  19. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 

BakgrunnsstoffEndra