Ein reléstasjon eller repeater i eit data- eller telenettverk er ei eining som sender vidare eit signal som elles ikkje ville nådd fram til mottakaren. Viss det er radioskugge mellom sendar og mottakar, anten på grunn av terreng, landskap eller bymiljø, kan ein høgplassert reléstasjon nå begge partar og kopla trafikken vidare. Med repeater vert det mogleg å nå fram over lange avstander sjølv med lite og fleksibelt utstyr, som til dømes berbar radio eller ei lita antenne på eit køyretøy. Signalforsterkinga skjer begge vegar, både på opplink og nedlink.

Person A sender signal til person B over eit fjell. Reléstasjonen som vidaresender signalet.

Ein reléstasjon sikrar ei stabil linje over større avstandar, for eksempel ved krysning av hav. Det finst både analoge og digitale teknologiar, og dei vert brukt både på elektriske og optiske kablar, og til radiokommunikasjon og kringkasting. Innan kommersiell mobiltelefoni bruker ein repeaterar for å gje dekning der signalstyrken elles ville ha vorte for låg, til dømes i bygningar eller i tunnelar. Utandørs vert repeaterar brukt for å auka det geografiske dekningsområdet til ein basestasjon, eller for å sikra dekning inn i dalføre.

Ein reléstasjon er eit bindeledd i ei sambandskjede. Hjelpekorps plar nytta reléstasjonar for å utvida sambandsdekninga mellom fjell og vidde. Det er vanleg at militære styrkar har eigne sambandsavdelingar som set opp radiorelé slik at troppane har kontakt med kvarandre.