Elektromagnet
Ein elektromagnet er ein spole (magnetspole), ein spiralforma leiar, som det vert sett spenning på, slik at han dannar eit magnetfelt. Magneten kan brukast til å laga ei mekanisk rørsla, ved at straumen vert skrudd av og på.
Vanege bruksområde for elektromagnetar er m.a. magnetventilar, som er enkle av- og på-ventilar, i relé og elektromotorar. Prinsippet med at ein spole dannar eit magnetfelt, vert òg brukt i transformatorar.