Sambandsbataljonen

Sambandsbataljonen (SBBN) er ei støtteavdeling i Brigade Nord. Bataljonen si primærrolle er å oppretta kommunikasjon mellom bataljonane i Brigade Nord i militære operasjonar.[2] Bataljonen har òg ansvar for alle kommunikasjonssystema i brigaden og stiller kommandoplass til brigadestaben. Kommandoplassane er anten sett opp med telt, containerar eller pansra køyretøy.[3] Bataljonen er delt inn i tre kompani, der eitt består av verva soldatar.

Sambandsbataljonen
Land Noreg
Aktiv1996–no
Grein Hæren
Type Bataljon
RolleSamband
Storleik590 soldatar
170 tilsette, 420 vernepliktige[1]
Del av Brigade Nord
Garnison/HKHeggelia leir
Motto«Når Hæren deployerer
til Månen, står Sambandsbataljonen
klar med relé på Mars»
FargarKvit og blå

Avdelingsmerket til bataljonen, som er eit sambandslyn og vikingsverd på blå bakgrunn, har vore i bruk sidan 2008.[4] Sambandsbataljonen er stasjonert på Heggelia leir i Bardufoss i Troms. Etter endt rekrutt får soldatane i bataljonen Brigade Nord sin blå beret.[2]

Historikk endre

 
Bataljonen er ei vidareføring frå Sambandskompaniet (SBKP/BRIG N).

Bataljonen har sine røter frå Sambandskompaniet, som vart oppretta september 1955 som ei viktig brikke i Brigaden i Nord-Norge. I 1995 vart avdelinga underlagt 6. divisjon. Avdelinga bestod berre av dette kompaniet heilt til året etter, då kompaniet vart ein bataljon med fleire kompani. Bataljonen har gått gjennom teknologiske utviklingar sidan opprettinga i 1996. Telekompaniet har seinare vorte ein del av bataljonen.

I perioden frå 1996 til 2009 var bataljonen organisert på ein optimal måte for å utdanna vernepliktig personell og befal. Sommaren 2009 vart det gjort endringar i strukturen som endte i halvårleg beredskapsevne med alle sambandstenestene organisert i Kompani Alfa med primært verva personell, og med Kompani Bravo og Charlie med vernepliktige mannskapar. Omorganiseringa er òg gjort med tanke på å gje kvar mannskapskontingent betre soldatutdanning gjennom heile året, og gje høve til å overføra mannskapar til beredskapsavdelingane i Sambandsbataljonen etter halvvegs gjennomført førstegongsteneste. For å forsterka denne visjonen, har bataljonen eit sommarinnrykk og eit vinterinnrykk.

Organisering endre

 
Eit radiorelé med beltevogn under Battle Griffin i 2005.

Bataljonsstab endre

Bataljonsstaben er leiinga i Sambandsbataljonen. På oppdrag er staben i kommandoplassen, og har det overordna ansvaret for tele- og radiolaga i Kompani Bravo og Charlie. Bataljonssjefen er oberstløytnant Torgrim Foshaug.[5]

Sambandskompani A HRS endre

 

Kompani Alfa (Kp A) består av verva personell, og ein del av Hæren hurtige reaksjonstyrke (HRS). Kompaniet har som oppgåve å etablera og drifta Brigade Nord sin kommandoplass.[6] Kompaniet stiller òg soldatar til utanlandsoppdrag. tillegg skal kompaniet støtta resten av Sambandsbataljonen med ekspertar innan data-nettverk, satellitt-kommunikasjon, telekommunikasjon og radiotransmisjon. Kompani Alfa består av fleire troppar. Kommandoplasstroppen har ansvar for etablering av kommandoplassen til brigaden, som er ein mobil kontorlandsby som planlegg og fører militære operasjonar.[3] Sambandstroppen leverer radio- og teletenester til kommandoplassane. Til skilnad frå andre relélag, er sambandstroppen i KPA oppsatt på Iveco. Den tredje og siste troppen er ein spesialtropp (K2IS) som har ansvar for konfiguering og teknisk støtte til data- og telenettverka. Ein del av kompaniet held til ved Rena leir for å lettare øva med Telemark bataljon, som er hovudstyrken i Hærens HRS. Trass dette er storparten lokalisert i Bardufoss for å støtta leiinga i brigaden.

Sambandskompani B endre

 

Kompani Bravo (Kp B) består av meinige som vert utdanna i taktisk digital kommunikasjon (TADKOM) og generell soldatutdanning (GSU). Kompaniet har sommarinnrykk av soldatar i august. Kompaniet leverer, med Kp A, brigadens kommandoplass og utdannar befalselevar. Kompaniet har tre troppar. Det første er ein kommandoplasstropp som assisterer Kp A med brigadens kommandoplass. Utfordringa med å jobba i kommandoplassen er å få alle systema til å fungera, slik at kommandoplassen er operativ og funksjonell for stabsoffiserane som jobbar der.[3] Teletroppen leverer telenettet til brigaden. Tenesta er teknisk krevjande.[2] Radiotroppen leverer sambandsrelé, altså radiokommunikasjon, mellom bataljonane.[6] Særpreget med tele- og radiotroppen er at dei består av mange små lag med vernepliktige lagførarar, som operer med høg grad av sjølvstende.[7] Laga etablerer seg på fjelltoppar med hjelp av beltevogn BV206 eller lettare terrengkøyretøy.[2] Det vert lagt vekt på teknisk innsikt og fysisk styrke som soldat i eit relélag.[7]

Sambandskompani C endre

 

Kompani Charlie (Kp C) er organisert likt som Kp B. Kompaniet har innrykk av nye soldatar i januar. Med Kompani Bravo, er kompaniet i stand til å levera eit komplett brigadesamband innafor taktisk digital kommunikasjon, både telefoni og radio. Dette er hovudoppdraget til Kompani Bravo Charlie i felt. Til skilnad frå Kompani Alfa og Bravo, som stiller kommandoplassen til brigaden, leverer Kompani Charlie kommandoplass til sjølve Sambandsbataljonen. Kompaniet består også av ein tele- og radiotropp med like høg grad av sjølvstende som troppane i Kp B.[7][2] I tillegg har KPC ein trentropp. Dei driv med transport og forsying i bataljonen. Trentroppen består, som einaste tropp i bataljonen, av soldatar frå både sommar- og vinterkontingent.[6] Troppen har jamne leveranser og får difor overført soldatar frå Kompani Bravo. Særpreget til troppen er at den enkelte soldat får utdanning i store køyretøy og eit stort ansvar for desse.

Utstyr endre

 
Eit relélag oppsatt på beltevogn under øvelse Cold Response 2014.

Bataljonen sine relélag er oppsett på beltevogn, feltvogn og lett terrengkøyretøy. Laga med BV206 beltevogn er utstyrt med 12.7-mitraljøse på beltevognene.[2] Laga med MB feltvogner har lågare mobilitet og etablerer i nærleiken av veg. Lettrelélaga, derimot, nyttar seg av snøskuterar og 6-hjulingar (ATV).[7] Lettrelélaga er lettare oppsett enn dei andre relélaga, og består av motivert personell. Alle soldatane i bataljonen er utstyrt med semiautomatisk rifle HK416, men får òg utdanning i MG42 maskingevær.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Sambandsbataljonen». Forsvaret. Henta 12. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Sambandstjeneste – teletjeneste». Forsvaret. Henta 30. november 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Sambandstjeneste – kommandoplass». Forsvaret. Henta 30. november 2014. 
  4. Sandve, Øystein (2014), «Tre favorittar: Militær heraldikk», Dag og Tid (nr. 28) 
  5. Løvland, Torbjørn; Tangen, Olav S. (28. desember 2016), «Jentene sliter», Forsvarets Forum, henta 1. september 2017 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Sambandsbataljonen». Forsvaret. Henta 30. november 2014. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Sambandstjeneste – radiotjeneste». Forsvaret. Henta 30. november 2014.