Opna hovudmenyen

Aderemi «Remi» Kabaka er ein nigeriansk-ghanesisk afrorock- og avantgarde-trommeslagar.[1] Han spelte dei første trommerytmmane som skapte afrorock-stilen i band som Ginger Baker's Airforce, The Rolling Stones, Steve Winwood sitt Traffic og Paul McCartney sitt Band on the Run. Han arbeidde òg med John Martyn, Hugh Masekela, Paul Simon og Jim Capaldi, og var viktig i afrojazz-miljøet i 1970-åra.

Remi Kabaka
Fødd20. hundreår
FødestadGhana
OpphavNigeria, Ghana
PlateselskapAntilles Records
Verka somjazzmusikar
BornRemi Kabaka Jr

BakgrunnEndra

Kabaka blei fødd i Ghana som son av nigerianske jorubaforeldre. Han blei introdusert for nigerianske handtrommer då han var fire-fem år gammal.[1]

KarriereEndra

Han flytta til Storbritannia i 1958.[1] Her var han aktiv som studiomusikar i 1960- og 1970-åra.[2]

I 1969 var han med på å skipa gruppa Ginger Baker’s Air Force med Ginger Baker. Han verka også med Steve Winwood i trioen Third World. Seinare leia han eit afrofunk-band kalla Shakatu.[3][4]

Han var med på å skipa musikkgruppa Osibisa i 1968/69, men var ikkje fast medlem i gruppa frå byrjinga. Mellom 1977 og 1980 var han fast med i Osibisa.[5]

Kabaka komponerte filmmusikken for den brasiliansk-ghanesiske spelefilmen A Deusa negra eller Black Goddess av Ola Balogun.[6]

Han spelte på album av Paul McCartney (Band on the Run), Twins Seven Seven, Jim Capaldi (Short Cut Draw Blood) og Paul Simon (The Rhythm of the Saints). Han var også i studio med John Martyn og Hugh Masekela.[7] Han fortsette å arbeide med Winwood, McCartney og Mick Jagger gjennom 1970-åra.[8] Han arbeidde òg med John Martyn, Hugh MasekelaRhythm of the Saints av Paul Simon, og Short Cut Draw Blood av Jim Capaldi.[9][10][11][12]

Seinare busette han seg i Santa Monica i USA.[13] I 2003 spelte han med The Rolling Stones då dei turnerte på den amerikanske vestkysten.[14] I 2013 tok han del i ein konsert i samband med fødselsdagsfeiring for Nelson Mandela.[13]

Sonen til Kabaka, Remi Kabaka jr., er ein britisk perkusjonist som har spelt med Damon Albarn og Gorillaz.

DiskografiEndra

  • 1973: Aiye-Keta (Island Records, som Third World med Steve Winwood og Abdul Lasisi Amao)
  • 1977: Son of Africa (Island)
  • 1980: Roots Funkadelia (Polydor)[15]
  • 1983: Great Nation (R.A.K.)[16]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Remi Kabaka – Interviewed by Danny Holloway». 02.12.2014. 
  2. Ronnie Graham Stern's Guide to Contemporary African Music. Pluto Press, London 1989, s. 21, Gary Stewart Breakout: Profiles in African Rhythm, University of Chicago Press 1992, s. 108f.
  3. Ikenna Emmanuel Onwuegbuna (2015). Trends in African Popular Music: Socio-Cultural. Xlibris Corporation. 
  4. David Vlado Moskowitz The Words and Music of Bob Marley Praeger 2007, S. 56
  5. Lloyd Bradley Sounds Like London: 100 Years of Black Music in the Capital 2007, s. 145f.
  6. «Remi Kabaka: Black Goddess». PopMatters (på engelsk). 16. august 2011. Henta 19. mai 2018. 
  7. Remi KabakaAllmusic
  8. «The recent influence of African Music on the American music scene and music market+». www.geocities.ws. Henta 19. mai 2018. 
  9. Allmusic credits
  10. «Remi Kabaka». Discogs (på engelsk). Henta 19. mai 2018. 
  11. Charles, Aniagolu, (2004). Osibisa : living in the state of happy vibes and criss cross rhythms. Victoria: Trafford. ISBN 1412021065. OCLC 56419668. 
  12. Black popular music in Britain since 1945. Stratton, Jon; Zuberi, Nabeel, 1962-. Farnham, Surrey, England. ISBN 9781409469148. OCLC 894170872. 
  13. 13,0 13,1 Remi Kabaka to be Featured at Nelson Mandela Celebration
  14. The Rolling Stones Staples Center Los Angeles 2003
  15. «Aderemi Kabaka* ‎– Roots Funkadelia». discogs.com. 
  16. «Aderemi Kabaka* ‎– Great Nation». discogs.com.