Peter Edward «Ginger» Baker (19. august 19396. oktober 2019) var ein engelsk trommeslagar som er mest kjend som medlem i Cream og Blind Faith. Han var òg kjend for alle kjennskapen til verdsmusikk, hovudsakleg afrikansk musikk.[1] Han har òg samarbeidd med Gary Moore, Hawkwind og Public Image Ltd..

Ginger Baker

Fødd19. august 1939
FødestadLewisham
Død6. oktober 2019 (80 år)
DødsstadCity of Canterbury
FødenamnPeter Edward Baker
OpphavStorbritannia
Aktiv1958-2019
SjangerBluesrock, hardrock, psykedelisk rock, jazz-fusion
Instrumenttrommer, perkusjon
Tilknytte artistarBlues Incorporated, Ginger Baker and Friends, John Mayall's Bluesbreakers, Cream, Blind Faith, Baker Gurvitz Army, Ginger Baker's Air Force, Hawkwind, Public Image Ltd., Atomic Rooster, Masters of Reality, Ginger Baker Trio, BBM, Fela Kuti
PlateselskapPolydor, Warner Bros., Island, Universal, Atlantic
Verka somMusikar, låtskrivar

Trommestilen til Baker vart kjend for å vere overlessa, underhaldande med bruk av to basstrommer i staden for ei basstromme som var vanleg. Sjølv om han var grundig fastsett som rocketrommis og han vart hylla som «rockens første trommesuperstjerne»,[2] føretrekte han å verte kalla ein jazztrommeslagar.[3] Baker har påverka trommeslagarar innan begge sjangrar, som Billy Cobham, Peter Criss, Bill Ward, Ian Paice og John Bonham. AllMusic har skildra han som «den viktigaste perkusjonisten i 1960-åra» og sa at «så godt som kvar einaste trommeslagar i kvart einaste heavy metal-band som følgde sidan har prøvd å etterlikne delar av spelestilen til Baker.»[2]

Han spelte stundom på liknande vis som Keith Moon frå The Who, men hadde òg ein meir beherska stil, påverka av britiske jazzgrupper han høyrte seint i 1950-åra og tidleg i 1960-åra. I dei første åra hans som trommeslagar, spelte han ofte lange trommesoloar, mest kjend er den fem minuttar lange trommesoloen «Toad» frå debutalbumet til Cream, Fresh Cream (1966). Han er òg kjend for å ha nytta mange andre perkusjonsinstrument og for å nytte afrikanske rytmar. Han legg ofte vekt på trommeslaget, ein trommegrunnlag der begge stikkene treffer trommeskinnet nesten samstundes, noko som gjer ein tung, tornande lyd.

Biografi endre

Baker vart kjend som medlem av Graham Bond Organisation og så som medlem av rockebandet Cream frå 1966 til dei vart oppløyste i 1968. Han vart seinare med i gruppa Blind Faith. I 1970 danna Baker jazz-fusion-bandet Ginger Baker's Air Force.

Baker danna og spelte med Ginger Baker's Energy og var involvert i samarbeid med Bill Laswell, jazzbassist Charlie Haden, jazzgitarist Bill Frisell, og pioneren innan afro beat, Fela Kuti. Han var òg medlem av Hawkwind, Atomic Rooster og Public Image Ltd.. I 1994 danna han The Ginger Baker Trio og vart med bassisten kjend som Googe i Masters of Reality danna av produsenten, songaren og gitaristen Chris Goss.

Baker spelte med Fela Ransome-Kuti,[4] under innspelingane hans i 1971 og desse vart gjevne ut på Regal Zonophone som Live! (1971)'[5] Fela spelte òg med Ginger Baker på Stratavarious (1972) i lag med Bobby Gass,[6] eit pseudonym for Bobby Tench[1] frå The Jeff Beck Group. Stratavarious vart seinare gjeven ut som ein del av samleplata Do What You Like.[7] Baker danna Baker Gurvitz Army i 1974 og spelte inn tre album med dei før bandet vart oppløyst i 1976.

I 1992 vart Baker med i hardrockgruppa Masters of Reality på albumet Sunrise on the Sufferbus og frå her fekk dei ein Topp 10-hit med «She Got Me (When She Got Her Dress On)».

I 1994 vart Baker med BBM, ein kortliva power-trio med Ginger Baker, Jack Bruce og den irske rocke- og bluesgitaristen Gary Moore. Den 3. mai 2005 vart Baker gjenforeint med Eric Clapton og Jack Bruce for fleire konsertar i Royal Albert Hall og Madison Square Garden som Cream.

Diskografi endre

 
Ginger Baker sine handavtrykk på Hollywood Rock Walk of Fame
Foto: Margaret Heath

The Storyville Jazz Men og The Hugh Rainey Allstars endre

  • Storyville Re-Visited (1958) med Bob Wallis og Ginger Baker

Graham Bond Organistation endre

  • Roarin' med Don Rendell (Jazz) (1961)
  • Live at Klooks Kleek (1964)
  • The Sound of 65 (1965)
  • There's a Bond Between Us (1965)

Cream endre

Blind Faith endre

Ginger Baker's Air Force endre

Baker Gurvitz Army endre

  • Baker Gurvitz Army Janus (1974)
  • Elysian Encounter Atco (1975)
  • Hearts on Fire Atco (1976)
  • Flying In and Out of Stardom Castle (2003)
  • Greatest Hits GB Music (2003)
  • Live in Derby (2005)
  • Live Revisited (2005)

Solo endre

  • Stratavarious Polydor (1972)
  • Eleven Sides of Baker Sire (1977)
  • From Humble Oranges CDG (1983)
  • Horses & Trees Celluloid (1986)
  • No Material live album ITM (1987)
  • Middle Passage Axiom (1990)
  • Unseen Rain Day Eight (1992)
  • Going Back Home Atlantic (1994)
  • Ginger Baker's Energy ITM (1995)
  • Ginger Baker The Album ITM (1995)
  • Falling off the roof Atlantic (1995)
  • Do What You Like Polydor (1998)
  • Coward of the County Atlantic (1999)
  • African Force ITM (2001)
  • African Force: Palanquin's Pole Synergie (2006)

Andre endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Baker, Ginger and Ginette. Hellraiser The autobiography of the World's Most Famous Drummer. John Blake Publishing. 
  2. 2,0 2,1 «Ginger Baker». allmusic.com. Henta 13. mars 2011. 
  3. Baker, Ginger. (2006). Cream: Classic Artists. [DVD]. Image Entertainment, Inc.. 
  4. Dougan, John. «Fela Ransome-Kuti». allmusic.com. Henta 13. mars 2011. 
  5. «Ginger Baker. Live with Fela Kuti». allmusic.com. Henta 13. mars 2011. 
  6. «Stratavarious». allmusic.com. Henta 13. mars 2011. 
  7. «Ginger Baker compilations». allmusic.com. 

Bakgrunnsstoff endre