The Rhythm of the Saints
The Rhythm of the Saints Studioalbum av Paul Simon | ||
Utgjeve | 16. oktober 1990 | |
Innspelt | desember 1989 - juni 1990 | |
Sjanger | Rock verdsmusikk | |
Lengd | 44:34 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Paul Simon | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Paul Simon-kronologi | ||
Negotiations and Love Songs (1988) |
The Rhythm of the Saints | Paul Simon's Concert in the Park, 15th August 1991 (1991)
|
The Rhythm of the Saints er det åttande albumet til Paul Simon. Det kom ut i 1990.
Etter suksessen med Graceland i 1986, der han hovudsakleg arbeidde med sørafrikanske musikarar, utvida Simon interessa si for verdsmusikk. Han reiste til Latin-Amerika for å hente musikarar og rytmar der, og slo seg saman med dei afro-brasilianske superstjernene Grupo Cultural Olodum, som var meistrar innan den særs perkusjonstunge understilen av samba kalla batuque eller batucada. Ein kan høyre tromminga til gruppa på opningssongen og den første singelen frå plata, «The Obvious Child». Den brasilianske låtskrivaren Milton Nascimento var med og skreiv «Spirit Voices» og medverka med noko vokal. Andre gjesteartistar var mandolin- og gitarra baiana-meisteren Armandinho, den afrokubanske trommisen Francisco Aguabella og den puertoricanske trommeslagaren Giovanni Hidalgo. Ein annan musikar var jazzperkusjonisten og berimbau-meisteren Naná Vasconcelos. Jazzgitaristen Rafael Rabelo spelte òg på albumet i lag med mange andre brasilianske musikarar.
Musikkstilen på The Rhythm of the Saints er derimot ikkje berre brasiliansk. Den amerikanske saksofonisten Michael Brecker og andre amerikanarar spelar blåsarar på plata, i tillegg til den amerikanske gitaristen J.J. Cale, keyboardspelaren Greg Phillinganes og jazztrommisen Steve Gadd. I tillegg til latinske rytmar finn ein òg vestafrikansk- og sentralafrikansk musikk.
Albumet har fleire impresjonistiske tekstar, mellom anna om Tsjernobylulukka og verdsstatusen.
The Rhythm of the Saints nådde fjerdeplassen i USA og vart nok eit suksessrikt album for Simon. I Storbritannia gjekk albumet heilt til topps. Ingen av singlane gjorde det særleg bra. 15. august 1991 heldt Paul Simon ein gratiskonsert i Central Park med over 750 000 menneske i publikum.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Paul Simon.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Obvious Child» | |
2. | «Can't Run But» | |
3. | «The Coast» (Simon, Vincent Nguini) | |
4. | «Proof» | |
5. | «Further to Fly» | |
6. | «She Moves On» | |
7. | «Born at the Right Time» | |
8. | «The Cool, Cool River» | |
9. | «Spirit Voices» (Simon, Milton Nascimento) | |
10. | «The Rhythm of the Saints» |
Medverkande
endre
Paul Simon - vokal, gitar
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Rhythm of the Saints» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2010.