Remo Forrer

sveitsisk songar

Remo Forrer (fødd 5. september 2001 i Hemberg) er ein sveitsisk songar. Han slo gjennom musikalsk i 2020, då han vann den tredje sesongen av The Voice of Switzerland, og han representerte Sveits i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med låten «Watergun».[1]

Remo Forrer

Statsborgarskap Sveits
Fødd 5. september 2001 (23 år)
Hemberg
Yrke songar
Språk engelsk, tysk
Remo Forrer på Commons

Bakgrunn

endre

Forrer vaks opp i byen Hemberg i kantonen Sankt Gallen. Han har drive med musikk frå barndommen av, og han har blant anna spelt fløyte og trekkspel. Senere lærte han å spele piano og synge på gehør.[2] Han tok også læretid som fagbutikkarbeidar i ein sportsbutikk.[1]

I 2020 fekk Forrer nasjonal merksemd i Sveits, då han deltok i og vann den tredje sesongen av The Voice of Switzerland med Noah Veraguth som mentor. Han gav ut debutsingelen «Home» 17. april 2020, skriven av Veraguth.[3]

I juli 2022 dukka Forrer opp på RTL-programmet Zeig uns Deine Stimme!, og i 2023 representerte han Sveits i Eurovision Song Contest i Liverpool.[1] Forrer ble plukka ut til oppdraget gjennom ei utveljingsprosess i regi av den sveitsiske kringkastaren SRF. Ein internasjonal jury på 20 musikkfolk og eit panel beståande av 100 tv-sjåarar valde Forrer til å representere landet.[4] Han deltok med låten «Watergun» og blei nummer 20 av 26 finalister.[5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Adams, William Lee (20. februar 2023). «RemoForrer is Switzerland's Eurovision 2023 singer». wiwibloggs (på engelsk). Henta 2. mars 2023. 
  2. «RemoForrer: «Ich wäre bei der Finalshow durch die Luft geflogen»». Schweizer Illustrierte (på tysk). Henta 2. mars 2023. 
  3. ««The Voice»-Gewinner singt exklusiv seine neuen Song». FM1Today (på tysk). 17. april 2020. Henta 2. mars 2023. 
  4. «RemoForrer will represent Switzerland at Eurovision 2023». eurovision.tv (på engelsk). 20. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 
  5. «RemoForrer». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.