Sveits i Eurovision Song Contest

Sveits debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 og har delteke 61 gongar. Ved fire høve har Sveits vore borte frå Eurovision Song Contest: 1995, 1999, 2001 og 2003. Sveits har vunne Eurovision Song Contest to gongar: på heimebane i 1956 med Lys Assia, og i 1988 med Celine Dion. Sveits har komme siste heile ni gongar og har fått null poeng fire gongar – like mange som Noreg og Austerrike.[1] Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Sveits kvalifisert seg til finalen ved 6 gongar på 17 forsøk. I 2019 klarte Sveits å kvalifisere seg til finalen for fyrste gang sidan 2014, og fekk sin beste plassering på 26 år med ein fjerdeplass. Også i 2021 kvalifiserte landet seg til finalen, og etter innføringa av to semifinalar var dette fyrste gongen Sveits klarte to finalekvalifiseringer på rad. Sveits fekk sin fyrste topp 3-plassering på 28 år med ein tredjeplass.

Sveits
EuroSuiza.svg
Offisielt Sveits

SRG SSR
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1956
Beste resultat
Semifinalen 1 (2021)
Finalen 1 (1956 og 1988)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2004, 2010, 2015 og 2016)
Finalen Sist (1964, 1967, 1974, 1998 og 2011)
Poeng
Semifinalane 1 189
Finalane 2 987
Totalt 4 176

HistorikkEndra

Sveits er på fleire måtar heimlandet til Eurovision Song Contest. I kjølvatnet av andre verdskrigen ønskte Den europeiske kringkastingsunionen, som elles har hovudkvarter i Sveits, å skape eit samlande, felleseuropeisk tv-program som kunne promotere organisasjonen. Etter forslag frå den sveitsiske fjernsynsmannen Marcel Bezençon fall til slutt valet på ei internasjonal songtevling, inspirert av den italienske San Remo-festivalen. Den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest gjekk av stabelen i Lugano i Sveits 24. mai 1956, med sju deltakande land. Ikkje berre vart Sveits vertsnasjon, landet vann også tevlinga med Lys Assia og songen «Refrain».[2] Lys Assia representerte også Sveits i 1957 og 1958 og har etter kvart vorte grande dame av Eurovision Song Contest.[3]

 
Trioen Peter, Sue og Marc har delteke for Sveits fire gongar. Her i 1976.

Sigeren «glapp» etter norsk tabbeEndra

Etter sigeren i 1956, fulgte fleire gode resultat for Sveits, og landet kom på topp ti kvart år fram til 1964. I 1958 var Lys Assia igjen nær ved å vinne, då ho vart nummer to bak Frankrike med André Claveau og «Dors, mon amour». I 1961 kom Sveits på ein tredjeplass, og og i 1963 såg det ut til at Sveits hadde vunne sin andre siger med Esther Ofarim og «T'en va pas». Då alle land hadde gitt sine poeng, låg Sveits to poeng foran Danmark. Men den norske juryen hadde gitt feil poeng, og Noreg måtte gi sine poeng på ny heilt på slutten av avrøystinga. Då dei nye norske røystene var tatt med, gjekk Danmark forbi Sveits og vann med to poeng.[4] Noreg vart i ettertid skulda for å hjelpe eit naboland til siger, men feilen kom av at den norske juryen ikkje var ferdig med å telle poenga då dei vart kalla opp. I kaoset las difor ein stressa Roald Øyen opp dei mellombelse resultata, og i feil rekkjefølgje.[5][6]

Svingande resultatEndra

I 1964 kom Sveits på sisteplass for fyrste gang, og en ny sisteplass følgde i 1967. Begge gongane var også utan poeng. Utover i 1970- og 1980-åra svinga resultata. Fleire gongar hamna Sveits langt ned på lista, men i åra 19751982 kom Sveits på topp ti kvart einaste år. I Bergen i 1986 vart Sveits nummer to, og i 1988 vann landet sin andre siger med den då ukjende fransk-kanadiske artisten Céline Dion og låten «Ne partez pas sans moi». Dette er langt i frå einaste gong Sveits har importert ein artist til å representere seg, blant dei var Esther Ofarim (1963) israelsk, Annie Cotton (1993) kanadisk, mens bandet Vanilla Ninja (2005) er estiske. Det er ingen regler som seier at artist eller låtskrivar må vere frå landet han eller ho skal representere. Også Noreg har vore representert av utlendingar, blant anna svenske Benny Borg (1972) og delar av gruppa Secret Garden (1995).

Liten suksess etter 2000Endra

I 1993 fekk Sveits sin førebels siste topplassering då Annie Cotton sang landet til ein tredjeplass. Etter dette har Sveits hatt liten suksess i tevlinga og måtte stå over Eurovision Song Contest i både 1995, 1999, 2001 og 2003. Etter at EBU innførte semifinalar i 2004, har Sveits berre kvalifisert seg til finalen på fem av seksten forsøk. I åra 20072010 og 20152018 klarte ikkje Sveits å kvalifisere seg til finalen. I tillegg har Sveits komme sist i semifinalen fire gongar – meir enn noko anna land.

Den beste plasseringa til Sveits etter 2000 er ein tredjeplass frå 2021 med Gjon's Tears og «Tout l’Univers». Dette var fyrste gongen sidan 1993 at Sveits klarte ein pallplassering i Eurovision Song Contest.

SpråkEndra

Som eit fleirspråkleg land har Sveits hatt fordelen av å syngje på fleire språk: fransk, tysk, italiensk og retoromansk. Av dei 60 bidraga Sveits har sendt til Eurovision Song Contest, har 23 vore på fransk, 12 på tysk, 14 på engelsk, 10 på italiensk og 1 på retoromansk. Sveits har hatt størst suksess med sine franskspråklege bidrag: Av åtte topp tre-bidrag har sju vore på fransk – inkludert båe vinnarane.

BidragaEndra

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Plass Poeng Plass Poeng
  1956 Lys Assia «Das alte Karussell» Tysk Ukjend Ukjend Ingen semifinalar
  1956 Lys Assia «Refrain» Fransk 1 Ukjend
  1957 Lys Assia «L'enfant que j'étais» Fransk 8 5
  1958 Lys Assia «Giorgio» Tysk og italiensk 2 24
  1959 Christa Williams «Irgendwoher» Tysk 4 14
  1960 Anita Traversi «Cielo e terra» Italiensk 8 5
  1961 Franca Di Rienzo «Nous aurons demain» Fransk 3 16
  1962 Jean Philippe «Le retour» Fransk 10 2
  1963 Esther Ofarim «T'en va pas» Fransk 2 40
  1964 Anita Traversi «I miei pensieri» Italiensk 13 0
  1965 Yovanna «Non, à jamais sans toi» Fransk 8 8
  1966 Madeleine Pascal «Ne vois-tu pas?» Fransk 6 12
  1967 Géraldine «Quel cœur vas-tu briser?» Fransk 17 0
  1968 Gianni Mascolo «Guardando il sole» Italiensk 13 2
  1969 Paola del Medico «Bonjour, bonjour» Tysk og fransk 5 13
  1970 Henri Dès «Retour» Fransk 4 8
  1971 Peter, Sue og Marc «Les illusions de nos vingt ans» Fransk 12 78
  1972 Véronique Müller «C'est la chanson de mon amour» Fransk 8 88
  1973 Patrick Juvet «Je vais me marier, Marie» Fransk 12 79
  1974 Piera Martell «Mein Ruf nach Dir» Tysk 14 3
  1975 Simone Drexel «Mikado» Tysk 6 77
  1976 Peter, Sue og Marc «Djambo, Djambo» Engelsk 4 91
  1977 Pepe Lienhard Band «Swiss Lady» Tysk 6 71
  1978 Carole Vinci «Vivre» Fransk 9 65
  1979 Peter, Sue og Marc + Pfuri, Gorps og Kniri «Trödler und Co» Tysk 10 60
  1980 Paola «Cinéma» Fransk 4 104
  1981 Peter, Sue og Marc «Io senza te» Italiensk 4 121
  1982 Arlette Zola «Amour on t'aime» Fransk 3 97
  1983 Mariella Farré «Io così non ci sto» Italiensk 15 28
  1984 Rainy Day «Welche Farbe hat der Sonnenschein?» Tysk 16 30
  1985 Mariella Farré og Pino Gasparini «Piano, piano» Tysk 12 39
  1986 Daniela Simmons «Pas pour moi» Fransk 2 140
  1987 Carol Rich «Moitié, moitié» Fransk 17 26
  1988 Céline Dion «Ne partez pas sans moi» Fransk 1 137
  1989 Furbaz «Viver senza tei» Retoromansk 13 47
  1990 Egon Egemann «Musik klingt in die Welt hinaus» Tysk 11 51
  1991 Sandra Simó «Canzone per te» Italiensk 5 118
  1992 Daisy Auvray «Mister Music Man» Fransk 15 32
  1993 Annie Cotton «Moi, tout simplement» Fransk 3 148 Kvalifikacija za Millstreet
  1994 Duilio «Sto pregando» Italiensk 19 15 Ingen semifinalar
  1995 Deltok ikkje
  1996 Kathy Leander «Mon cœur l'aime» Fransk 16 22 8 67
  1997 Barbara Berta «Dentro di me» Italiensk 23 5 Ingen semifinalar
  1998 Gunvor «Lass ihn» Tysk 25 0
  1999 Deltok ikkje
  2000 Jane Bogaert «La vita cos'è?» Italiensk 20 14
  2001 Deltok ikkje
  2002 Francine Jordi «Dans le jardin de mon âme» Fransk 22 15
  2003 Deltok ikkje
  2004 Piero og the MusicStars «Celebrate» Engelsk Ikkje kvalifisert 22 0
  2005 Vanilla Ninja «Cool Vibes» Engelsk 8 128 8 114
  2006 six4one «If We All Give a Little» Engelsk 16 30 Direktekvalifisert
  2007 DJ BoBo «Vampires Are Alive» Engelsk Ikkje kvalifisert 20 40
  2008 Paolo Meneguzzi «Era stupendo» Italiensk 13 47
  2009 Lovebugs «The Highest Heights» Engelsk 14 15
  2010 Michael von der Heide «Il pleut de l'or» Fransk 17 2
  2011 Anna Rossinelli «In Love For a While» Engelsk 25 19 10 55
  2012 Sinplus «Unbreakable» Engelsk Ikkje kvalifisert 11 45
  2013 Takasa «You and Me» Engelsk 13 41
  2014 Sebalter «Hunter of Stars» Engelsk 13 64 4 92
  2015 Mélanie René «Time to Shine» Engelsk Ikkje kvalifisert 17 4
  2016 Rykka «The Last of Our Kind» Engelsk 18 28
  2017 Timebelle «Apollo» Engelsk 12 97
  2018 Zibbz «Stones» Engelsk 13 86
  2019 Luca Hänni «She Got Me» Engelsk 4 364 4 232
  2020 Gjon's Tears «Répondez-moi» Fransk Tevling avlyst
  2021 Gjon's Tears «Tout l’Univers» Fransk 3 432 1 291

RøystehistorikkEndra

Sveits har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01   Italia 213
02   Storbritannia 207
03   Frankrike 204
04   Tyskland 187
05   Irland 182

Sveits har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01   Storbritannia 177
02   Austerrike 161
03   Nederland 158
04   Belgia 145
05   Finland 139

GalleriEndra

Eurovision Song Contest i SveitsEndra

År Stad Arena Programleiarar
1956   Lugano Teatro Kursaal Lohengrin Filipello
1989   Lausanne Palais de Beaulieu Jacques Deshenaux og Lolita Morena

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. eurovision.tv. «Switzerland – Eurovision Song Contest». European Broadcasting Union. Henta 26. desember 2016. 
  2. Den europeiske kringkastingsunion. «The Story – Eurovision Song Contest». European Broadcasting Union. Henta 28. august 2016. 
  3. eurovision.tv (11. oktober 2016). «Meet the Golden Girl of Eurovision - Lys Assia!». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 26. desember 2016. 
  4. «Eurovision Song Contest 1963». eurovision.tv. Henta 6. desember 2016. 
  5. «Sveitsisk TV protesterer». Verdens Gang. 26. mars 1963. s. 1. 
  6. Eriksen, Espen (25. mars 1963). «Norsk Grand Prix-bommert sendte Danmark til topps». Verdens Gang. s. 22.