Romulus og Remus

(Omdirigert frå Remus og Romulus)

Romulus og Remus er eit tvillingpar og grunnleggjarane av Roma i romersk mytologi. Namnet Romulus tyder 'romar'.[1]

La Lupa Capitolina, 'den kapitolinske ulven' er ei kjend framstilling av ein ulv med Romulus og Remus som dier han.
Altar til Mars (den guddommelege faren til Romulus og Remus) og Venus (den guddommelege stammora deira) som syner delar av soga deira.

Romulus og tvillingbroren Remus var søner av guden Mars og Rhea Silvia, som var dotter av Numitor, den avsette kongen i Alba Longa. Tronrøvaren Amulius, broren til Numitor, fekk Rhea Silvia fengsla og gutane kasta i elva. Dei blei redda av ein ho-ulv, som gav dei mjølk.[2] Deretter blei dei fostra opp av gjetaren Faustulus og kona hans.[1]

Etter at dei voks opp gav dei Numitor makta tilbake i Alba Longa og grunnla byen Roma. Under ei usemje blei Remus drepen. Deretter blei Romulus den første kongen av Roma.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Roberts, John RobertsJohn (1. januar 2007). Roberts, John, red. «Romulus» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780192801463. doi:10.1093/acref/9780192801463.001.0001/acref-9780192801463-e-1943. 
  2. 2,0 2,1 «Romulus og Remus». Store norske leksikon (på norsk). 29. oktober 2018.