Gudinna Venus

romersk gudinne

Venus var den romerske gudinna for kjærleik. Ho vart ofte likna med den gresk gudinna Afrodite, og har òg likskap med Frigg og Frøya.

Venus på ein romersk mynt frå 44 f. Kr., med profil av Julius Cæsar på den andre sida.
Symbolet for gudinna Venus, planeten Venus, for det kvinnelege og for metallet kopar.

Ein byrja å dyrka Venus i Ardea og Lavinium i Latium. Det eldste tempelet hennar me kjenner vart til i 293 f.Kr. Festdagen hennar var den 18. august og vart kalla Vinalia Rustica. Festivalen Veneralia til ære for Venus Verticordia, beskyttaren mot synd, vart halden den 1. april.

Venus i kunsten endre

Venus har vore motivet for fleire flotte kunstverk, som det vidkjende måleriet av Botticelli der ho stig opp av havet. Namnet hennar er blitt kopla saman med kunstverk av vakre, attråverdige kvinner, slik at då ein fann ein frodig kvinneskulptur frå steinalderen i landsbyen Willendorf, vart han heitande Venus frå Willendorf.

Namn og oppkalling endre

Gudinna har gjeve namn til planeten Venus og til fredag på fleire språk, som fransk (vendredi), italiensk (venerdì) og spansk (viernes). Venus er òg eit nokså uvanleg jentenamn, der den mest kjende namneberaren for tida er tennisspelaren Venus Williams.

Literature endre

  • Gerd Scherm, Brigitte Tast Astarte und Venus. Eine foto-lyrische Annäherung (1996), ISBN 3-88842-603-0

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gudinna Venus