Renate
kvinnenamn
(Omdirigert frå Renata)
Renata og Renate er kvinnenamn danna av det latinske Renatus, 'gjenfødd'. Renate har namnedag den 8. juni.
Den noverande mannelege forma er Renato. Namna er også kjend under dei franske formene René og Renée.
Namneforma Renata er utbreidd i italienske og polske område. Renate er utbreidd i tysk.
Renate var utbreidd i Noreg i tiåret rundt 1980, då over 0,5 % av nyfødde jenter kunne få namnet. I 2009 var det 4 142 norske kvinner som heitte Renate, og 272 som heitte Renata.
Namneberarar
endre- Renata av Ferrara, kjend som Renée av Frankrike (1510-1574), fransk prinsesse
- Renate Müller (1906-1937), tysk songar og skodespelar
- Renata Tebaldi (1922–2004), italiensk songar
- Renate Künast (f. 1955), tysk politikar og minister
- Renata Beger (f. 1958), polsk politikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Renate (Name)» frå Wikipedia på tysk, den 8. juni 2009.