John Singer Sargent
John Singer Sargent (12. januar 1856–14. april 1925) var ein amerikansk-britisk kunstmålar, av mange halde som den fremste portrettmålaren i sin generasjon. Han vert først og fremst rekna som ein US-amerikansk kunstnar, trass i at han levde størstedelen av livet i Europa.
John Singer Sargent | |
Sjølvportrett, 1906 | |
Statsborgarskap | USA, Italia |
Fødd | 12. januar 1856 Firenze |
Død |
15. april 1925, 14. april 1925 (69 år) |
Yrke | kunstmålar, bygningstegner, arkitekt, kunstnar |
Sjanger | portrettmåleri, portrett, landskapsmåleri |
Medlem av | Royal Academy of Arts, American Academy of Arts and Sciences, American Academy of Arts and Letters, Accademia delle Arti del Disegno |
Far | FitzWilliam Sargent |
Mor | Mary Newbold Sargent |
John Singer Sargent på Commons |
Liv og gjerning
endreSargent var fødd i Firenze i Italia, der foreldra hans var på reise. Gjennom det meste av barndomen var familien på reisefot, han studerte i Italia, Tyskland og seinare i Paris under Emile Carolus-Duran. Heilt frå han var ung merka han seg med framifrå måleteknikk, spesielt for evna til å teikne med pensel.
Han måla ei lang rekke portrett av den nordamerikanske og europeiske overklassa, omhylla av livfull eleganse. Mellom andre måla han dei US-amerikanske presidentane Theodore Roosevelt og Woodrow Wilson.
I seinare år uttrykte Sargent ambivalens over restriksjonane i arbeidet med portrett. Omkring 1910 skifta han stil og vigde seg til landskaps- og akvarellmåling. Han måla både veggmåleri og arbeidde som friluftsmålar («en plein air»). I landskapsmålinga hans kan ein ane impulsar frå impresjonismen.
Gjennom sitt liv som kunstnar skapte Sargent omtrent 900 oljemåleri og over 2 000 akvarellar, samt tallause skisser og kolteikningar. Motiva i kunsten hans dokumenterer verdsomspennande reiser; frå Montana, Maine, Florida, Venezia og Tyrol, Korfu, Palestina og Egypt, Alger og Tanger, Portugal og Spania, Skottland og Noreg.
Sargent budde i mange år i Paris. Han flytta til London i 1886, der han døydde i 1925.
Kjelder
endre- Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon
- Denne artikkelen bygger på «John Singer Sargent» frå Wikipedia på dansk, den 5. april 2012.