Renate Reinsve

norsk skodespelar

Renate Hansen Reinsve (fødd 24. november 1987) er ein norsk skodespelar frå Solbergelva i tidlegare Nedre Eiker kommune. Reinsve vann prisen for beste kvinnelege hovudrolle på Filmfestivalen i Cannes i 2021 for si rolle i Joachim Trier sin filmkomedie Verdens verste menneske.[1][2] Dette var hennar fyrste hovudrolle på filmlerretet.[2][3][4]

Renate Reinsve

Fødd24. november 1987 (36 år)
FødestadNedre Eiker kommune
Verka somskodespelar
PrisarHeddaprisen for beste kvinnelige medspiller, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle

Karriere endre

Utdanning og skodespelardebut endre

Reinsve er utdanna ved Teaterhøgskolen (2013) og debuterte i Peer GyntTrøndelag Teater i 2014.[5]

Prisar (utval) endre

I 2014 vann Reinsve Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar for rolla som lærar i oppsetjinga av Friedrich Dürrenmatt sitt Besøk av gammel dame, regissert av Tyra Tønnessen på Trøndelag Teater.[6] I 2016 vart ho nominert til Amandaprisen for beste kvinnelege birolle i filmen Welcome to Norway.[7]

Nesten voksen (2018) endre

I 2018 hadde Reinsve ei av hovudrollene i situasjonskomedien Nesten voksen, som vart send på NRK.[7]

Verdens verste menneske (2021) endre

På Filmfestivalen i Cannes i 2021 fekk Reinsve sitt store gjennombrot som skodespelar, då hennar innsats som hovudrolleinnehavar i filmkomedien til Joachim Trier Verdens verste menneske vart hylla av både internasjonale og norske filmmeldarar.[3][8][9] Filmen deltok i hovudtevlinga på Cannes-festivalen dette året. Filmmeldaren i den engelske avisa The Guardian, Peter Bradshaw, kalla prestasjonen hennar for «sublim», og avslutta si melding med å seia om Reinsve: «A star is born.»[10] I eit intervju opplyste Reinsve at hovudrolla i filmen var skriven spesielt for henne.[11] På den siste dagen under Cannes-festivalen vart Reinsve tildelt prisen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Julie.[12]

Filmografi endre

Renate Reinsve spelte si fyrste filmrolle i spelefilmen Oslo, 31. august, som hadde kinopremiere i 2011. Sidan har ho medverka i fleire andre filmar og TV-seriar:[13][14]

  • 2011: Oslo, 31. august (spelefilm) – som Renate. Regi: Joachim Trier.
  • 2012: Kompani Orheim (spelefilm) – som Lene. Regi: Arild Andresen.
  • 2015: Villmark 2 (spelefilm) – som Synne. Regi: Pål Øie.
  • 2015: Mysteriet på Sommerbåten (TV-serie) – som ein aktuar. Regi: Hallvar Witzø.
  • 2015: Kvinner i for store herreskjorter (spelefilm) – som Ane. Regi: Yngvild Sve Flikka.
  • 2015: Skyggene av byen (kortfilm) - som Maria. Regi: Christoffer Wollebekk.
  • 2016: Welcome to Norway (spelefilm) – som Line. Regi: Rune Denstad Langlo.
  • 2017: Ekspedisjon Knerten (spelefilm) – som mora til Lillebror og Philip. Regi: Andreas J. Riiser.
  • 2017: Små, søte kaker (kortfilm) – som Anne. Regi: Henry K. Norvalls.[15]
  • 2018: Nesten voksen (TV-serie) – som Siri. Regi: Thale Persen og Per Harald Kårstad.[16]
  • 2018: Roeng (TV-serie) – som Lena. Regi: Anne Bjørnstad, Eilif Skodvin og Tomas Solli.[17]
  • 2018: De Hensynsløse (kortfilm) – som Silje. Regi: Rikke Gregersen.[18]
  • 2018: Føniks (spelefilm) – som Kristin. Regi: Camilla Strøm Henriksen.[19]
  • 2018: Hvite gutter (TV-serie) – som Frida.
  • 2020: The Affected (kortfilm) – som Rita. Regi: Rikka Gregersen.[20]
  • 2021: Verdens verste menneske (spelefilm) – som Julie (hovudrolle). Regi: Joachim Trier

Referansar endre

  1. «Vann pris for beste kvinnelege skodespelar». 17. juli 2021. Henta 17. juli 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Cannes 2021: la Norvégienne Renate Reinsve, prix d'interprétation féminine» (på fransk). 17. juli 2021. Henta 17. juli 2021. 
  3. 3,0 3,1 «Verdens verste menneske» (på norsk). 9. juli 2021. Henta 17. juli 2021. 
  4. Kjartan Brügger Bjånesøy: Det er ikke sånn at jeg plutselig dukket opp fra ingenting' - Intervju med Renate Reinsve i A-magasinet/Aftenposten 8. oktober 2021
  5. «Renate Reinsve - Trøndelag Teater» (på norsk). Henta 18. juli 2021. 
  6. «Heddaprisen | Vinnere». 21. februar 2018. Henta 3. april 2018. 
  7. 7,0 7,1 «Renate Reinsve i ny NRK-komiserie». www.dt.no (på norsk). 30. desember 2017. «Renate Reinsve fra Solbergelva spiller en av hovedrollene i NRKs nye situasjonskomedie «Nesten voksen».» 
  8. «Norges nye stjerneskudd har allerede fått internasjonalt filmtilbud» (på norsk bokmål). 16. juli 2021. Henta 17. juli 2021. 
  9. Ekern, Simen (14. juli 2021). «Renate Reinsve (33) har tatt Cannes-festivalen med storm» (på norsk bokmål). Henta 17. juli 2021. 
  10. «The Worst Person in the World review – Nordic romcom is an instant classic» (på engelsk). 8. juli 2021. Henta 17. juli 2021. 
  11. «Renate Reinsve: – Rollen som Julie er skrevet spesielt for meg» (på norsk bokmål). 9. februar 2021. Henta 17. juli 2021. 
  12. «Norsk jubel i Cannes - vant skuespillerpris på første forsøk» (på norsk). 17. juli 2021. Henta 17. juli 2021. 
  13. «Renate Reinsve». Trøndelag Teater. 
  14. «Renate Reinsve». Henta 4. januar 2017. 
  15. «Sweet Things (2017) - IMDb». Henta 12. september 2021. 
  16. «Nesten voksen (TV Series 2018– ) - IMDb». Henta 12. september 2021. 
  17. «Roeng (TV Series 2018– ) - IMDb». Henta 12. september 2021. 
  18. «Dog Eat Dog (2018) - IMDb». Henta 12. september 2021. 
  19. «Føniks (2018) - IMDb» (på engelsk). Henta 12. september 2021. 
  20. «The Affected (2020) - IMDb». Henta 12. september 2021.