Tyra Bondevik Tønnessen (fødd 18. mai 1967) er ein norsk teaterregissør og dramatikar. Ho har ein doktorgrad i improvisasjon frå Statens Teaterhøgskole ved Kunsthøgskolen i Oslo.[1]

Tyra Tønnessen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mai 1967 (56 år)
Trondheim
Yrke sceneinstruktør, skodespelforfattar, skodespelar

Kunstnarisk verksemd endre

Tønnessen har regiutdanning frå Kunsthøgskolen i Oslo, og debuterte som teaterregissør på Trøndelag Teater i 2001.[2] Debutoppsetjinga var Mutter Courage av Bertolt Brecht.[2] Ho har arbeidd ved dei fleste teatera i Noreg, deriblant ei rekkje gongar ved Nationaltheatret i Oslo.[1] I 2004 regisserte ho teaterversjonen av romanen til Carl Frode Tiller Skråninga, som Tiller sjølv hadde dramatisert, og som hadde urpremiere på Det norske teatret.[3][4][5] I 2005 blei ho nominert til Heddaprisen for regien på Skråninga.[5]

Somrane 2005 og 2006 var Tønnessen instruktør for Spelet om Heilag OlavStiklestad.

Tønnessen har både skrive fleire eigne teater- og musikalframsyningar, og dramatisert andre forfattarar sine skjønnlitterære verk. Familiemusikalen Påfuglen er eit eksempel på arbeidet til Tønnessen som dramatikar.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «TyraTønnessen». www.nationaltheatret.no (på norsk). Nationaltheatret. Henta 26. oktober 2023. 
  2. 2,0 2,1 «TyraTønnessen». www.trondelag-teater.no (på norsk). Trøndelag Teater. Henta 26. oktober 2023. 
  3. «-Dagens teater trenger slike stykker». adressa.no (på norsk bokmål). 28. september 2004. Arkivert frå originalen 17. oktober 2021. Henta 17. oktober 2021. «CarlFrode Tillers debutdrama «Skråninga» har première på Det Norske Teatret om en drøy uke. Instruktør Tyra Tønnesen (bildet) er allerede så begeistret at hun lover noe verden aldri før har sett.» 
  4. Jon-Harald Thorås (9. oktober 2004). «Sværtvellykket skråning!» (på norsk bokmål). KULTURSPEILET. Henta 17. oktober 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Skråninga|HT - Hålogaland Teater». halogalandteater.no. Hålogaland Teater. Henta 17. oktober 2021. «Skråninga av Carl Frode Tiller var et samarbeidsprosjekt mellom Hålogaland Teater, Nomade produksjoner, Agder Teater og Det Norske Teatret. Forestillingen hadde premiere ved DNT 7. oktober 2004 og fikk en strålende mottagelse. Regissør Tyra Tønnessen ble nominert til Heddaprisen for beste regi 2005.» 
  6. Tyra Tønnesen (22. november 2016). «Annonsørinnhold: Politisk barneteater om integrering: Er det gøy da?». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 26. oktober 2023. «Tyra Tønnesen har skrive ein politisk musikal for heile familien. | Det høyrest kanskje ikkje ut som ein innertiar, men trønderane jubla etter urpremieren på Trøndelag Teater og kåra likegodt Påfuglen til årets framsyning i Adressa. | Her fortel ho om bakgrunnen for stykket om fordelingspolitikk, framandskepsis og tidsklemma.» 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.