Rennebu bygdetun

Rennebu bygdetun er den eldste og mest omfattande delen av Rennebu bygdemuseum. Det består av garden Haugen ved Voll i Rennebu som vart kjøpt av Rennebu historielag tidleg i 1950-åra og opna som museum 4. juli 1965.

I oppstartsåra stod Arnt Kjelland i spissen for å fylle museumsromma med gjenstandar som kunne fortelje om korleis folk levde og arbeidde i tidlegare tider, og innsamlinga han sette i gang, heldt fram òg i tiåra etter. Dette har gjort at bygdetunet i dag rår over fleire tusen reiskapar, husgeråd, drakter, bøker og anna utstyr som framstiller livet på ein typisk Rennebu-gard på 1800- og 1900-talet.

Gardstunet på Haugen er kransa av stovebygning (lån), låvebygning (treskjarlåve) med lagerrom under, fjøs med høylåve over, stall med vedskjul og to stabbur. Stallen er truleg den eldste bygningen på garden. Attåt dette er det kome to bygningar som er flytta til i seinare tid. Det er ei gamal smie og eit større uthus (mastu) som fungerer som "servicebygg" med toalett, kjøkken, kontor og eit utstillingsrom.