Stabbur

lagerhus for mat

Eit stabbur (stav-bur), òg kalla bur, stolpehus og stolpebu, er ein liten bygning som primært blir bruka til lagerplass for mat (oftast korn- og kjøtmat, men òg frukt nokre stader), klede og andre ting ein ikkje vil at mus, rotter og andre dyr skal ha tilgang til. Eit stabbur står på stavar av tre eller stabbar av stein i staden for å stå over ein kjellar, på grunnmur eller rett på bakken. Visse typar toetasjes stabbur blir mange stader kalla stabbursloft eller loft. Stabbur er svært vanlege i nordskandinavisk, samisk, austersjøfinsk og nordvest-russisk kultur, men finst òg mellom anna i Alpane, nordvest på Iberiahalvøya og blant indianarar i Alaska.

Stabbur frå Bergsrud i Sør-Aurdal, no flytt til Bautahaugen Samlinger.
Foto: John Erling Blad

Byggjemåten varierer geografisk, frå laft i Russland og aust- og sentral-Skandinavia til grindbygg og stein i Spania og Portugal.

NoregEndra

 
Stabbur i Sigdal.
 
Døme på stolpar under eit stabbur i Sigdal.

I Gulatingslova frå 900-talet blir tre hus nemnte som skal stå på plass når ein leiglending forlét ein gard: Stova, eldhuset og buret. Gulatingslova seier at når ein leiglending forlet garden er det tre ytterdører som skal vera i orden: stovedøra, eldhusdøra og bursdøra.[1] Buret er opphavet til stabburet, og er eldre enn loftet, som ikkje blir nemnt i Gulatingslova. Buret blei tidleg i mellomalderen bygd i to etasjar, og mange stader i landet blei det etterkvart sett på stolpar, slik at vi fekk stabburet slik vi kjenner det.

Stabburet var svært enkelt på dei fleste gardane, og det inneheldt eit enkelt rom; men på større gardar var bygningen gjerne svært forseggjord og gjerne forsynt med eit loft og med utsmykking.

 
Stabbur innvendig, med 2 mjølbyrer og ei salttynne.

Inni stabburet var det minst éi mjølbyre som var forsynt med fleire rom for lagring av ulike typar korn og mjøl. Det inneheldt òg ei salttynne for salting av kjøt. Salttynna måtte vera heilt tett, ettersom kjøtet etter kvart blei liggjande i ein saltlake. I taket var det montert krokar for opphenging av røykte og salta kjøtvarer, for eksempel fenalår og spekepølser. Stabburet var ikkje frostfritt, så ein kunne ikkje lagre varer som blei øydelagde av frost der. Om stabburet hadde to etasjar, blei korn og mjøl lagra oppe, mens kjøt blei lagra nede.

Sjølve bygningen blei plassert på stolpar, omtrent 1-1,5 meter over bakken. Dette blei gjort av to grunnar:

  • for å få lufting under golvet for å hindre fukt i å trenge opp frå bakken.
  • for å hindre mus og rotter frå å komme inn på lageret. Derfor var stolpane spesielt utforma med ein profil som hindra smådyr i å klatre opp. Av same grunnen var det òg ei opning på omtrent 30 cm frå øvste troppetrinnet og over til inngangen.

I våre dagar blir ikkje stabbura bruka som mjøllager lenger, men for å take vare på kunst og tradisjon blir stabbur likevel vedlikehaldne som ei lagerbu. Stabburet er framleis ei staseleg bygning på mange gardstun Noreg i dag.

SamarEndra

 
Samisk stabbur frå Lappstaden i Arvidsjaur i det nordlege Sverige.

Samiske stabbur kan ofte vera bygde på toppen av éin eller to avkutta trestammar i staden for på fleire stavar eller stabbar som i andre tradisjonar. Dei er så å seie alltid lafta. Nord i det samiske kulturområdet sat tradisjonelle stabbur (njalla) ofte oppå ein trestamme på 2-3 meter. Ein nådde han med ein skrå trappestokk som blei fjerna når ein forlet buplassen. Sørsamane hadde gjerne større stabbur som stod på 2-4 stokkar som var noko lågare.[2] Stabbur med ein stolpe i kvart hjørne er kjende som ájtte på lulesamisk[3] og buvrie på sørsamisk.[4]

SverigeEndra

I Sverige er stabburet kjent som härbre eller stolpbod.

FinlandEndra

I Finland nyttar ein ordet aitta om stabbur, men òg om andre bur og buer.

AlpaneEndra

Stabbur av tre blir kalla raccard i Valais i Sveits og Troadkasten (høgtysk Getreidekasten) i Altbayern og Austerrike.

Spania og PortugalEndra

 
«Panera» (stabbur) av asturiansk type i Cantabria i det nordlege Spania.
Foto: José Manuel
 
«Espigueiros» i Soaje i Arcos de Valdevez lengst nord i Portugal.
Foto: «Sacavem»

Den iberiske halvøya finn ein stabbura først og fremst i nordvest — i Asturias, Galicia og det nordlege Portugal. Bygningstypen er kjend som espigueiro i Portugal og som hórreo (stabbur, særleg for lagring av frukt) eller panera (stabbur for lagring av korn og kornprodukt) i Asturias og Galicia. Dei iberiske stabbura har elles ofte eit stort tal glipar i veggane for å auke gjennomluftinga. Dei kan vera bygde i tre (særleg grindbygg) eller stein. I aust, Asturias og Provincia de León, er stabbura meir eller mindre kvadratiske, mens dei i vest, Galicia og Portugal, er meir avlange. Den lengste hórreoen som er kjend i Spania finst i Carnota i La Coruña og er heile 35 meter lang.

Berre i Asturias reknar ein med at det finst kring 18 tusen hórreos og paneras, og det blir stadig bygd nye. Mange av dei eldre av desse er i noko dårleg stand, men den situasjonen har begynt å snu seg noko dei siste åra.

KjelderEndra

  1. K. Visted og H. Stigum, Vår gamle bondekultur, J.W. Cappelens forlag, bind I, 1951.
  2. «Sameplassen - Norsk Folkemuseum», norskfolkemuseum.no (på norsk), henta 26. april 2022 
  3. Manker, Ernst; Gustavsson Åke: De åtta årstidernas folk, Wahlström & Widstrand, Stockholm 1975 (swe). ISBN 91-46-19788-5. Libris 8354112. 
  4. «Södra Lapplandsfjällen - Förutsättningar för hållbar utveckling» (PDF). Länsstyrelsen Västerbotten, Meddelande 8 2005. Arkivert frå originalen (pdf) 2021-04-21. Henta 8. november 2007.  Arkivert 2021-04-21 ved Wayback Machine.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Stabbur
  Denne arkitekturartikkelen som har med landbruk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.