Rens Blom (fødd 1. mars 1977) er ein nederlandsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Munstergeleen som deltok i stavhopp. Han vart verdsmeister i øvinga under 2005-meisterskapen i Helsingfors. Blom er den einaste nederlendaren som har vunne ein gullmedalje i ein verdsmeisterskap i friidrett. Han har den nederlandske rekorden i stavhopp på 5,81 m.

Rens Blom


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 1. mars 1977 (47 år)
Munstergeleen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

ridder av Ordenen av Orange-Nassau

Aktiv endre

Blom sette personleg rekord med 5,75 m i 2000-sesongen. Han lukkast ikkje å nå finalen i stavhopp under olympiaden same året. Dei neste åra lukkast han ikkje forbetre sin personlege rekord, og vart utslått i kvalifiseringshoppinga under dei store internasjonale meisterskapane. Fyrst i 2004-sesongen svinga han seg over større høgder, og sette i byrjinga av juni månad ny nederlandsk rekord med 5,81 m i Zaragoza, ein rekord som framleis står i 2013. Under OL i Athen 2004 vart han nummer ni.

Stavhoppfinalen under VM 2005 i Helsingfors vart avvikla under vanskelege tilhøve. På ei regnvåt bane overraska Blom stort med å vinne gullmedaljen, ettersom han var den einaste som klarte 5,80 meter.

Frå 2006 var Blom plaga med ulike skadar. Han tevla ein del gjennom 2007-sesongen, men la opp året etter. Blom vart nederlandsk meister i stavhopp sju gongar; 2001-05 og 2007-08.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre