Resavčina
Resavčina (serbisk Ресавчина) er ei elv i Serbia og ei 32 km lang sideelv til Velika Morava frå høgre. Ho vert stundom kalla Resavica eller Resava (som ikkje må forvekslast med ei anna sideelv til Velika Morava kalla Resava eller sideelva hennar kalla Resavica).
Resavčina (Ресавчина) | |||
elv | |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 32 km | ||
Kjelde | Proštinac, aust for Svilajnac | ||
Munning | Velika Morava, sørvest for Požarevac | ||
Resavčina 44°34′44″N 21°08′20″E / 44.579°N 21.139°E |
Resavčina spring ut nær landsbyen Proštinac i kommunen Svilajnac. Elva renn parallelt til Velika Morava over flaumsletta hennar, så det finst ingen busetjingar ved sjølve Resavica. Ho munnar ut i Velika Morava nær Ljubičevo, ein kjend hestefarm i Serbia.
Resavčina er ein del av nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer eit område på 174 km².
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Resavčina» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.