Resfjellet er eit fjell på 1162 moh. som ligg på grensa mellom Orkland kommune i Trøndelag fylke, og Rindal kommune i Møre og Romsdal fylke. Det er den høgaste toppen i Orkland.[1]

Resfjellet
fjell
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Orkland
Fjellkjede Trollheimen
Høgd 1 162 moh.
Kart
Resfjellet
63°00′11″N 9°35′31″E / 63.003055555556°N 9.5919444444444°E / 63.003055555556; 9.5919444444444
Wikimedia Commons: Resfjellet

Fjellet er det nordaustlegaste i Trollheimen, og er eit ynda turmål for lokale innbyggjarar og hyttefolk. På finvêrsdagar kan ein sjå mellom anna Trondheimsfjorden, Vassfjellet og Sylan.

Kjelder

endre
  1. «Høyeste fjelltopp i hver kommune». Kartverket. 1. september 2015. Henta 15. oktober 2015. 
  Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.