Restaurasjonen i Frankrike

Restaurasjonen i Frankrike, eller Bourbon-restaursasjonen, er eit tidsrom i fransk historie som varte frå gjeninnsetjnga av ein monark av huset Bourbon i 1814 til julirevolusjonen i 1830. Perioden var prega av gjenopprettinga av «den gamle ordenen» med innsetjinga av kong Ludvig XVIII på den franske trona etter den endelege nedkjempinga av Napoleon Bonaparte. Restaursjonen blei initiert på Wienerkongressen av fyrst Klemens von Metternich.

Allegori over Bourbon-restaurasjonen den 24. april 181: Ludvig XVIII gjenreiser Frankrike. Måleri av Louis-Philippe Crépin frå 1814.
Kong Karl X innvier eit monument til minne om kong Ludvig XVI i Paris.

Bakgrunn

endre

Kong Ludvig XVI av Frankrike var blitt kasta under den franske revolusjonen (1789–1799), som blei etterfølgd av den første franske republikken (1792–1804) og deretter det første franske keisardømet under Napoleon (1804–1814/1815). Napoleon blei nedkjempa av ein koalisjon av europeiske makter som gjeninnførte monarkiet og tibakeførte den franske trona til arvingane til Ludvig XVI.

Perioden blei avbroten i 1815 av «dei hundre dagane» der Napoleon vende tilbake frå eksiletElba og kom til Paris med ein hær den 20. mars. 111 dagar seinare, 8. juli 1815, blei Ludvig XVIII atter gjeninsett på trona.

Bakgrunnsstoff

endre
Hjelpemiddel
  • Guillaume de Bertier de Sauvigny / Alfred Fierro: Bibliographie critique des mémoires sur la restauration écrits ou traduits en français, Genève 1988
Kjeldeskriftutgåver
  • Archives parlementaires: de 1787 à 1860. Recueil complet des débats législatifs et politiques des Chambres Françaises, imprimé … sous la direction de Jules Madival et Émile Laurent, deuxième série (1800 à 1860), Paris 1799–
  • Procès-verbal des séances de la Chambre des Pairs, Paris 1814–
Samla framstillingar
  • Emmanuel de Waresquiel / Benoît Yvert: Histoire de la Restauration, 1814–1830: naissance de la France moderne, Paris 1996, ISBN 2-262-00912-0

Kjelder

endre
  Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.