Opna hovudmenyen
Thomas Lawrence: Metternich, 1825

Klemens Wenzel Lothar von Metternich (15. mai 177311. juni 1859) var ein austerriksk politikar og diplomat, ein av dei mektigaste statsmennene i Europa dei fyrste tiåra av det 19. hundreåret. Han spelte ei leiarrolle då «Den heilage alliansen» mellom dei gamle monarkia i Austerrike, Preussen og Russland vart danna etter Napoleons endelege fall i 1815. Metternich fremja eit monarkistisk prinsipp og ein front steilt mot nasjonale og liberale idear og rørsler.

Liv og gjerningEndra

Metternich var av fyrsteslekt, fødd i Koblenz. Han var greive og frå 1818 hertug av Portella. Periodane 1801–03, 1803–05 og 1806–09 var han Austerrike sin sendemann i høvesvis Dresden, Berlin og Paris. Etter Austerrike sine nederlag på slagmarka under napoleonskrigane i 1809, vart Metternich utnemnd til utanriksminister. Fremste målsettinga hans var å fjerne Russland frå Frankrike og sjølv nærme seg Napoleon. Han arbeidde såleis for Napoleons ekteskap med keisar Frans 1 si dotter, Marie Louise. Også etter Napoleons nederlag i 1815 ynskte Metternich at Frankrike skulle vere ei motvekt mot Russland og Preussen. På kongressen i Wien var han mellom dei mektigaste politikarane og skaffa Austerrike ein sterk posisjon gjennom sine evner som forhandlar.

Etter fredsslutninga i 1815 ville Metternich stabilisere forholda i Europa ved å motsette seg alle territoriale endringar og å slå ned all revolusjonær verksemd. Han vakta særleg nøye dei nasjonale og revolusjonære rørslene i Tyskland og Italia. I 1819 fekk han sett i verk Karlsbad-vedtaka, ordningar som stramma til politistyret i dei tyske fyrstedømma. Etter oppstandar i Italia i 1820 fekk Austerrike i oppdrag av dei øvrige stormaktene å gjenopprette gjeldande orden. Samhaldet mellom stormaktene vart svekka då Storbritannia braut ut i 1822.

Maktsystemet til Metternich fekk dødsstøyten i 1848, då februarrevolusjonen braut ut i fleire av dei store byane i Europa. Då oppreisten også nådde Wien, trekte Metternich seg frå utanriksminister-posten den 13. mars, og stakk av til Storbritannia. Fallet hans vart møtt med jubel, etter som han var det personifiserte symbolet på dei europeiske fyrstane sitt politiske hardstyre. Dei siste år leveåra budde han atter i Wien.

Metternich sitt syn på politikk og makt baserte seg på ei strikt form for rasjonalisme og kynisme. Såleis stod han langt frå den romantiske konservatismen som kom til uttrykk i nemninga «Den heilage alliansen».

KjelderEndra