Nemninga revisjonisme kjem av ordet å revidere, å endre, særleg teoriar.

Uttrykket blir særleg bruka om to heilt ulike fenomen:

Revisjonisme innan sosialismen endre

For det første, om den Marx-kritiske retninga i internasjonal sosialisme frå og med Eduard Bernstein. Denne erkjenner ope at Karl Marx, sjølv om han er særs viktig som grunnleggjar av vitskapleg sosialisme, ikkje er feilfri. Nokre av teoriane og ideane hans har vist seg å vere feilaktige eller utdaterte, og marxistiske sosialistar må først og fremst bruke Marx som ei inspirasjonskjelde til sjølvstendig og kritisk tenking, ein metode Marx sjølv bruka.

Denne revisjonistiske sosialismen er ofte knytt til reformisme som praktisk politikk i demokratiske land, sjølv om mellom andre Bernsteins eige parti, det tyske sosialdemokratiske partiet lenge kombinerte revolusjonær marxistisk ortodoksi med reformistisk praksis (såkalla «sentrisme»).

I realiteten har ikkje berre dei erklærte revisjonistane, men au dei påståtte ortodokse marxistane revidert Marx. Dette gjeld til dømes Vladimir Lenin, som meinte ein kunne gjennomføre ein sosialistisk revolusjon i eit tilbakeliggjande, i hovudsak før-kapitalistisk land som Russland, mens det hjå Marx er ein premiss for sosialismen at kapitalismen har løpt lina ut (ved at dei kapitalistiske produksjonsforholda står i vegen for utviklinga av produktivkreftene, som Marx mellom anna uttrykte det).

Revisjonisme om nazismen endre

For det andre, om den historie-revisjonismen som etter andre verdskrigen har prøvd å relativisere brotsverka til nazismen. Nokre av desse historie-revisjonistane fornektar Holocaust heilt, andre freistar å forminske omfanget og gjere brotsverket til berre eitt av mange likestilte politiske brotsverk opp igjennom historia. Seriøse historikarar avviser historie-revisjonismen.

Bakgrunnsstoff endre