Rhins of Galloway
54°51′N 5°03′W / 54.85°N 5.05°W
Rhins eller Rhinns of Galloway (skotsk-gælisk Na Rannaibh) er ei halvøy på vestkysten av Skottland. Ho ligg i regionen Dumfries and Galloway. Halvøya er forma som eit hammarhovud, frå nord til sør er ho omtrent 40 kilometer lang, den sørlege odden av halvøya er Mull of Galloway.
Dei største busetjingane er Stranraer i botnen av fjorden mellom halvøya og fastlandet i nord, og Portpatrick på vestkysten, andre landsbyar på halvøya er i nord Kirkcolm, Leswalt og Lochans, og i sør Stoneykirk, Sandhead, Ardwell og Drummore.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rhins of Galloway» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.