Rhossili er ein liten landsby sørvest på Gowerhalvøya[1] nær Swansea i Wales. Sidan 1970-åra har landsbyen lege innanfor grensene til Swansea. Området er erklært eit særskild vakkert naturområde i Storbritannia.

Rhosilli sett frå lufta

Rhossili Bay buktar seg nordover frå landsbyen. Sandstranda her er 5 km lang og innanfor ligg sanddyner. Bakom stranda, like nord for landsbyen, ligg Rhossili Down med det høgaste punktet på Gowerhalvøya, the Beacon, og fleire førhistoriske funn.

Kyrkja St. Mary the Virgin
Rhossili Down og stranda sett frå neset

Sør i bukta ligg tidvassøya Worm's Head.

Kjelder endre

  1. A Guide to Gower, Gower Society, ISBN 0-902767-23-2

Bakgrunnsstoff endre

51°34′07″N 4°17′13″W / 51.56856°N 4.28690°W / 51.56856; -4.28690