Ria Stalman, fullt namn Maria Geertruida Stalman, (fødd 11. desember 1951) er ein nederlandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Delft i Zuid-Holland som vart olympisk meister i diskoskasting i 1984.

Ria Stalman

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 11. desember 1951 (72 år)
Delft
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 180 centimeter
Ria Stalman på Commons

Aktiv endre

 
Ria Stalman i 1982

Stalman tevla både i diskoskasting og kulestøyt, den siste øvinga oftast berre i nasjonale stemne. I tida 1973-83 vann ti nederlandske meisterskap i diskoskast og sikra seg åra 1976-83 fem nasjonale meistertitlar i kulestøyt. I 1978 vann ho diskostevlinga under den nordamerikanske studentmeisterskapen (NCAA).

Frå våren 1981 til våren 1983 forbetra Stalman den nederlandske rekorden i diskoskast ei rekke gongar, og med til saman i kring ni meter, alle gongane i anten Tempe eller Walnut i USA. Sist til 67,20 m i Walnut 24. april 1983. I OL-sesongen 1984 pynta ho på rekorden med få dagars mellomrom i juni, ho fekk målt 67,58 m i San Jose. Dagen etter sette ho også nederlandsk rekord i kule med eit støyt på 18,02 m. Men den store smellen kom 15. juli i Walnut, der ho under gunstige forhold smelte diskosen 71,22 meter. Fire veker seinare sikra ho seg gullmedaljen under sommarleikane 1984 i Los Angeles med eit bestekast på 65,36 m. Ho la opp etter 1984-sesongen,

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Doping endre

Vinteren 2016 fortalde Stalman at ho hadde brukt anabole steroidar i tida før OL 1984.

Kjelder endre