Ribeauvillé (elsassisk Rappschwihr; tysk Rappoltsweiler) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Haut-Rhin i regionen Alsace og har om lag 5 000 innbyggjarar.

Ribeauvillé
Gate i Ribeauvillé med slottet i bakgrunnen.
Gate i Ribeauvillé med slottet i bakgrunnen.
Gate i Ribeauvillé med slottet i bakgrunnen.
Byvåpenet til Ribeauvillé
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Haut-Rhin
Geografi
Flatevidd 32,21 km²
Flatevidd
 - By

32,21 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

4 929
  153/km²
Koordinatar 48°12′N 07°19′E / 48.200°N 7.317°E / 48.200; 7.317
Høgd over havet 240 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 68150
Heimeside: http://www.ribeauville.fr

Den pittoreske byen ligg om lag 15 km nord for Colmar og 75 km sør for Strasbourg.

Historie endre

Byen vart på 700-talet kalla Rathaldovilare og byen gjekk frå biskopane av Basel til herrane av Rappoltstein, som var dei mest kjende adelsmenna i Alsace. Herrane av Rappoltstein verna dei omvandrande trubadurane i landet mot betaling.

Då familien forsvann i 1673 gjekk denne oppgåva som «konge over spelemenna» (Pfeiferkönig) vidare til greveane av Zweibrücken-Birkenfeld. Trubadurane hadde eit pilegrimskapell nær Rappoltsweiler tileigna vernehelgenen deira Maria von Dusenbach, og her heldt dei ein fest den 8. september kvart år. Ribeauvillé vart kalla Rappoltsweiler fram til 1800-talet.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ribeauvillé