Ribose
Ribose (kjemisk formel C5H10O5) er eit monosakkarid og ein pentose. Det spelar ei viktig rolle i biokjemien som ein byggestein i nukleosid og i nukleotid i nukleinsyra RNA.
Deoksyribose, som har eit hydrogenatom i staden for OH-gruppa ved karbonatom nummer 2, er òg viktig; mellom anna som komponent i DNA.
Kjelder
endre«ribose» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 9. februar 2016.