Richard Holt

(Omdirigert frå Richard A Holt)

Richard A Holt (fødd 22. juni 1948) er ein engelsk mellomalderhistorikar. Han er professor emeritus ved Institutt for historie og religionsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet.

Richard Holt
Fødd22. juni 1948
NasjonalitetStorbritannia
Yrkesport historian
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Holt var fødd i Lowestoft England. Han tok mastergrad ved University of Birmingham i 1975 og doktorgrad same stad i 1987. Han var forskar ved Handsworth College i Birmingham fram til han i 1999 vart tilsett som førsteamanuensis i mellomalderhistorie i Tromsø, og vart i 2001 utnemnd til professor.[1] Holt har særleg forska på urbanisering og byoppkomst i mellomalderen i England og Noreg. Han har òg spesialisert seg på økonomisk og teknologisk utvikling i mellomalderen, især vind- og vassmølleteknologi.

Referansar

endre
  1. uit.no Årsrapport for Sv-fakultetet, 2004 Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

endre