Sir Richard Arkwright (23. desember 17323. august 1792) var ein britisk oppfinnar og industrimann innan tekstilindustrien under den industrielle revolusjonen.

Richard Arkwright
Arkwright Richard 1790.jpg
Fødd 23. desember 1732
Preston
Død

3. august 1792
Cromford

Yrke ingeniør, entreprenør, oppfinnar
Richard Arkwright på Commons

LivEndra

 
Eit eksemplar av Arkwrights Water Frame laga 1775.

Arkwright var fødd i Preston i Lancashire og verka opphavleg som barber og paykkmakar. Han hadde inga erfaring innan tekstilindustrien, men starta i 1764 konstruksjonen av den første maskinen sin som han fekk patent på 1769. Denne maskinen var driven av ei hestevandring, men i 1771 laga han i staden "Arkwrights water frame", ein spinnemaskin som var driven med vasskraft, og som produserte ein grov men sterk bomullstråd som passa som renning. I 1773 kunne ein for første gong veva einsfarga bomullstøy i rein bomull, kaliko, på maskin; tidlegare hadde ein nytta lin til renning. Bomullstøyproduksjonen blei den leiande industrien i Nord-England. Saman med kompanjongar oppretta og leia Arkwright fabrikkar, mellom anna i Nottingham, Cromford og Manchester, der maskiner utførte alle ledda i arbeidet frå karding til spinning. Arkwright var ein framgangsrik konstruktør, men henta ofte ideane til maskinane sine frå andre oppfinnarar. Etter juridiske tvistar blei patentrettane hans trekte tilbake.[1]

Arkwright blei adla i 1786.[2] Arkwright, Jedediah Strutt og Joseph Wright of Derby var framståande personar i Derby-regionen. Målaren Wright måla to portrett av dei andre som finst på Derby Museum and Art Gallery. Der kan ein sjå at Wright likte Strutt, men presenterte Arkwright som eit sjølvgodt menneske med stor mage.[3]

KjelderEndra

  1. Svensk uppslagsbok, Lund 1929
  2. Richard Arkwright Thornber
  3. Sir Richard Arkwright: Industrialist Arkivert 1. mars 2007 på Wayback Machine. Revolutionary Players