Joseph Wright of Derby

Joseph Wright (fødd 3. september 1734 i Derby i England, død 29. august 1797 same stad) var ein engelsk landskaps- og portrettmålar — han er vorte kjend som «den første profesjonelle målaren som uttrykte ånda i den industrielle revolusjonen.[1]

Joseph Wright of Derby

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 3. september 1734
Derby i Derbyshire
Død

29. august 1797 (62 år)
Derby i Derbyshire

Yrke kunstmålar, kunstnar, landskapsmålar, portraitist, bygningstegner
Språk engelsk
Medlem av Royal Academy of Arts
Far John Wright
Mor Hannah Brookes
Ektefelle Ann Swift
Joseph Wright of Derby på Commons
Joseph Wriight: Alkymisten leitar etter dei vises stein, 1771

Liv og gjerning

endre

Han var fødd i Irongate i Derby i England, faren var advokat. Då Wright hadde bestemt seg for å bli målar, drog han til London i 1751 og studerte i to år under Thomas Hudson, læremeisteren til Joshua Reynolds. Etter å ha måla portrett ei stund i Derby, arbeidde han som assistent for Hudson i femten månader. Han slo seg så ned i Derby og arbeidde med portrett med klår chiaroscuro i kunstig ljos, som namnet hans er assosiert med, og med landskapsmåleri.

Wright gifta seg i 1773, og på slutten av året vitja han Italia, der han vart til 1775. Medan han var i Napoli, vart han vitne til eit vulkanutbrot frå Vesuv, som vart motivet til mange av dei følgjande måleria hans. På tilbakevegen frå Italia etablerte han seg i Bath som portrettmålar. Etter ei tid gjekk han lei og vende tilbake til Derby, der han levde resten av livet.

Kjelder

endre
  1. F.D. Klingender, sitert i Ellis Waterhouses Painting in Britain 1530 to 1790, fjerde utgåva, New York, Viking Penguin, 1978, side 285.