‎Richard Dahl (5. august 19338. august 2007) var ein svensk høgdehoppar frå Landskrona som vart europameister i øvinga i 1958.

Richard Dahl


Statsborgarskap Sverige
Fødd 5. august 1933
Landskrona
Død

8. august 2007 (74 år)

Idrett friidrett

Aktiv endre

Dahl fekk sølvmedaljen i høgdetevlinga under den svenske meisterskapen både i 1957 og 1958. Han forbetra den personlege rekorden til 2,08 m i 1958.

Før europameisterskapen 1958 på svensk heimebane i Stockholm i 1958 var verdsrekordhaldaren Jurij Stepanov største favoritten til høgdegullet, saman med svenske Stig Pettersson. Men Dahl overraska og gjorde sitt livs beste hopp. Han sette svensk rekord ved å svinge seg over lekta i sitt andre forsøk på 2,12 meter, og vann tevlinga framom Jíři Lanský frå Tsjekkoslovakia og Stig Pettersson. Han var den einaste svensken som tok gull i meisterskapen, ein prestasjon som han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre