Stig Pettersson (fødd 26. mars 1935), jamnast omtala Stickan Pettersson, er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar som tilhøyrde verdseliten i høgdehopp i tida 1956-64. Han vann EM-sølv 1958 i øvinga og EM-bronse i 1962, i 1961 og 1963 vart han nordisk meister.

Stig Pettersson


Stig Pettersson i 1960

Statsborgarskap Sverige
Fødd 26. mars 1935 (89 år)
Österåkers församling, Stockholms stift
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1964

Aktiv endre

År 1956 vann Pettersson den svenske meisterskapen i høgdehopp med eit hopp på 2,01 m. Dei neste seks åra forsvarte han SM-tittelen i øvinga med resultata 2,04, 2,04, 2,01, 2,04, 2,10, 2,10. I 1964 hoppa han 2,14 m i den svenske meisterskapen og vann gullmedaljen for niande gong.

Pettersson fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i Sommar-OL 1956 der han vart fjerdemann med 2,06 m. Ved EM 1958 i Stockholm tok han bronsemedaljen med 2,10 m. Den 7. august 1960 slo Stickan Pettersson den svenske høgdehopprekorden til Richard Dahl på 2,12 m. Under eit stemne i Charlottenberg hoppa han då 2,13 m. Vel tre veker etter rekordhoppet vart han femtemann i OL-finalen i Roma med eit hopp på 2,09 m. I byrjinga av august 1961 vart Pettersson nordisk meister i Oslo med 2,11 m, helga etter forbetra han i Skövde den nordiske høgderekorden til 2,15 m.

 
Pettersson etter eit vellukka hopp

23. august 1962 sette Pettersson i Stockholm sin siste landsrekord med di han svinga seg over 2,16 meter, ein rekord som Bo Jonsson sletta i 1968. I europameisterskapen i Beograd tre veker etter rekordhoppet vann Pettersson sølvmedaljen med 2,13 m. Sommaren 1963 forsvarte Pettersson den nordiske meistertittelen i høgdehopp, som sist med 2,11 m. Hausten 1964 deltok han i Sommar-OL for tredje gong, og vart nummer fire med 2,14 m. I den tredje og siste nordiske friidrettsmeisterskapen enda Pettersson i Helsinki år 1965 på tredjeplass med 2,08 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre