Richard Dawson Bates
(Sir) Richard Dawson Bates (23. november 1876–20. juni 1949), ogso berre kjend som Dawson Bates var advokat, politikar for Ulster Unionist Party og medlem i Orangeordenen. Han har vore omtala som unionistisk "apparatchik" [1] og som den gråeminensen i den nordirske unionismen, i skuggen av Sir Edward Carson og James Craig. [2]
Richard Dawson Bates | |||
Bates til venstre i eit bilete av den nordirske regjeringa i 1921. | |||
Fødd | 23. november 1876 Belfast | ||
---|---|---|---|
Død | 20. juni 1949 (72 år) | ||
Parti | Ulster Unionist Party | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Queen's University Belfast | ||
Mor | Mary Dill | ||
Far | Richard Dawson Bates | ||
Ektefelle | Jessie Muriel Cleland | ||
Barn | Sir John Dawson Bates, 2nd Bt. | ||
Alle verv |
Som minister for Home Affairs i regjeringa Craig frå 1921-1943 var han den som formulerte, innførte og iverksette spesiallover/fullmaktslover og som bygde opp fullmaktene og maktapparatet bak den unionistiske eittpartistaten. For sine innsatsar fekk Dawson Bates fleire utmerkingar, føre han vart lyfta inn i lågadelen. Han vart offiser i Order of the British Empire (OBE) i 1919, Knight Bachelor i 1921, og fyrste baronett av Magherabuoy i 1937. Baroniet ligg nær Portrush i grevskapet Derry/Londonderry.
Oppvekst, familie og utdanning
endreDawson Bates var fødd i Strandtown i det unionistiske aust-Belfast, området mellom byflyplassen George Best Belfast City Airport og Newtownards Road. Faren, som hadde same namn, var advokat og "Clerk of the Crown", ei rolle i den britiske koloniadministrasjon som mellom anna handla om å administrera politiske val. Bestefaren på farssida, John Bates (avliden 1855), hadde hatt underordna roller i det konservative partiet i Belfast.
Richard Dawson Bates (d.y.) var utdanna ved Coleraine Academical Institution og som jurist ved Queen's College Belfast (seinare Queen's University). I 1900 starta han å praktisera som jurist, og i 1908 starta han firma saman med onkelen.
Dawson Bates inngjekk ekteskap med Jessie Muriel Cleland, dotter av Sir Charles John Cleland. Dei fekk ein son, Major Sir John Dawson Bates, andre baronett av Magherabuoy.
Politisk karriere
endreTrass i at han har vorte rekna som "a small man physically and intellectually",[3] gjorde han politisk karriere som bragte han meir personleg makt i Nord-Irland enn nokon annan person i tiåra etter 1921. I 1906 vart han mellombels engasjert som sekretær for Ulster Unionist Council, den organisatoriske kjerna i Ulster Unionist Party. I denne rolla kunne han trekkja i trådene for viktige seinare hendingar. Bates var avgjerande viktig organisator av Ulster-pakta (1912), danninga av Ulster Volunteer Force, den lojalistiske våpensmuglinga til Larne og skipinga av Ulster Unionist Labour Association (1918). Det siste hovudsakleg for å motverka innverknad frå sosialistiske idear. Han var og omreisande for organisatorisk styrking av Ulster Unionist Party.
I 1921 vart Bates vald til regionalparlamentet i Belfast, og gjekk då av som sekretær for Ulster Unionist Council. Han vart fyrst justis- og administrasjonsminister (minister for "Home Affairs") i Craig-regjeringa frå 1921, og hadde denne posisjonen frå 7. juni 1921 til 6. mai 1943. Særleg var han upopulær og lite effektiv som minister under andre verdskrigen, men "overlevde" likevel ein freistnad på å fjerna han i 1942.[4]
I Craig-regjeringa var Bates, saman med statsminister Craig representant for det som har vorte kalla "populistane" - som i motsetnad til "antipopulistane" ynskte å strekkja seg lengst mogeleg for at den unionistiske arbeidarklassen skulle ha same levekårsutvikling som arbeidarklassen i det Sameinte kongeriket elles. [5] Dette for å sikra unionistisk samstende. Rolla han og Craig spela i samband med skipinga av Ulster Unionist Labour Association, er eit av fleire døme på ei slik orientering.
Som ansvarleg minister og den som fekk svært vidtgåande personlege fullmakter for Civil Authorities (Special Powers) Act (1922),[6] var han ein sentralfigur både i utforminga av det juridiske grunnlaget for statleg maktbruk og i den faktiske bruken av denne lova. Denne lova er noko av det mest illgjetne, illiberale og undertrykkjande lovverket som nokon gong har vorte vedteke i eit formelt liberalt demokrati. Det er soleis svært diplomatisk formulert når ei fagbok skriv at personen Richard Dawson Bates soon became a byword for discourtesy bordering on contempt for the Roman Catholic community [...].[7] Det er klårt over grensa for forakt når han looked upon all Roman Catholics as Nationalists, and all Nationalists, not just as political enemies, but as traitors. [8] Ein sentral (protestantisk) revisor i den nordirske administrasjonen hevda at Dawson Bates hadde so sterke fordomar mot katolikkar at han hadde presisert andsynes den høgste departementsembetsmannen sin (permanent secretary) at han ikkje ynskte at den mest underordna sekretær engasjer til teneste i sitt department dersom han var "papist". [9] Etter den tunge tyske bombinga av Belfast våren 1941, hevda han i eit regjeringsnotat at det sannsynlegvis var 5000 uinnkvarterbare personar i Nord-Irland , og hevda at dette var på grunn av "personal habits which are sub-human." [10]
Kjelder
endre- ↑ S.J. Connolly (red.): The Oxford Companion to Irish History. Oxford,Oxford University Press 1999, s. 40. ISBN 0-19-866240-8
- ↑ John F. Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1974, s. 51. SBN 85640-076-9
- ↑ John F. Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1974, s. 50. SBN 85640-076-9
- ↑ S.J. Connolly (red) 1999, s. 40.
- ↑ Graham S. Walker: The politics of frustration. Harry Midgley and the failure of Labour in Northern Ireland. Manchester, Manchester University Press 1985, s. 62. ISBN 0-7190-1821-8.
- ↑ Elektronisk fulltekstutgåve ligg føre frå Conflict Archive on the Internet: https://cain.ulster.ac.uk/hmso/spa1922.htm Henta 3. august 2019.
- ↑ Peter Catterall og Sean McDougall (red.): The Northern Ireland question in British Politics. London, MacMillan 1996, s. 24. ISBN 0-333-6387-0
- ↑ John F. Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1974, s. 51. SBN 85640-076-9
- ↑ G.C. Duggan (Northern Ireland Comptroller and Auditor-General 1945-49) i Irish Times, 4. mai 1967.
- ↑ Conor O'Cleary: Phrases make history here. Political Quotations on Ireland 1886-1987. Dublin, O'Brien Press s. 103. ISBN 0-86278-138-8