Richard Eriksen

Richard Eriksen (24. mars 186927. desember 1941) var ein norsk filosof, forfattar og journalist. Han var både fødd og døydde i Oslo.

Richard Eriksen
Fødd 24. mars 1869
Død

27. desember 1941 (72 år)

Yrke filosof

Eriksen arbeidde i mange år i Norsk Telegrambyrå. Elles sysla han med filosofiske spørsmål, var ei tid mellom anna oppteken av okkultisme og spiritisme. Tidleg i 1900-åra gjekk han over til teosofien.

I 1911 la Eriksen fram avhandlinga Jeget og tænkningen for doktorgraden, ei avhandling domsnemnda forkasta som uvitskapleg. Dette førte til ein langvarig strid om åndsfridomen ved Universitetet i Oslo. Soialøkonomen Oskar Jæger var forkjempar for Eriksen si sak. I 1915 vart Eriksen doktor på ei ny avhandling, den eksperimtalpsykologiske Tænkningens psykologiske utviklingsbetingelser. Han vart i 1916 universitetsstipendiat i filosofi, året etter fekk han statsstipend.

Eriksen gav ut ei rad kulturfilosofiske og psykologiske verk, både før og etter han fekk godkjent doktoravhandlinga si.

VerkEndra

  • Det oversanselige, 1891
  • Spiritismen, dens rette betydning og værd, 1893
  • Sjælens gaade, 1893
  • Indledning til teosfi, 1908
  • Skjulte sider av mennesket og dets udvikling, 1909
  • Tidens kurs. En populær udsikt over nye tankeretninger, 1912
  • Sjælen og videnskapen, 1918
  • Det religiøse problem, 1920
  • Conciousness, life and the fourth dimension, 1920
  • Skapelse og utvikling, 1927
  • Erotikk og livsanskulese, 1928
  • Eros, psykoanalyse og religion, 1930
  • Faser og kriser i personlighetens utvikling, 1932

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra