Richard Ian Faulkner (fødd 1. januar 1980) er ein engelsk gitarist.

Richie Faulkner

Richie Faulkner spelar med Lauren Harris under Gods of Metal-festivalen (2009).
Fødd1. januar 1980 (44 år)
FødestadLondon i England
FødenamnRichard Ian Faulkner
OpphavStorbritannia
Aktiv2001 til i dag
SjangerHeavy metal, hardrock
InstrumentGitar, vokal
Kjende instrumentGibson Les Paul, Gibson Flying V
Tilknytte artistarJudas Priest, Lauren Harris, Christopher Lee
Verka somMusikar, låtskrivar

Faulkner vart fødd i London. Tidleg i karrieren sin spelte han i band som Dirty Deeds, Voodoo Six, Ace Mafia og bandet til Lauren Harris. Den 20. april 2011 vart han utpeikt som etterfølgjaren til K.K. Downing i heavy metal-bandet Judas Priest.[1]

Den første konserten hans med bandet var 25. mai 2011 på American Idol, der bandet spelte «Living After Midnight» og «Breaking the Law» med James Durbin.[2]

Han har òg arrangert musikk for heavy metal-albumet til skodespelaren Christopher Lee Charlemagne: The Omens of Death, som kom ut på 27. mai 2013 på 91-årsdagen til Lee.

Diskografi

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre