K.K. Downing

britisk komponist

Kenneth «K. K.» Downing jr. (fødd 27. oktober 1951) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og opphavleg medlem av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest.

K.K. Downing
K. K. Downing.jpg
Downing med Judas Priest i 1984.
Fødd27. oktober 1951 (71 år)
FødestadWest Bromwich i Staffordshire i England
FødenamnKenneth Downing jr..
AliasK. K. Downing
OpphavStorbritannia
Aktiv1968–2011, 2012
SjangerHeavy metal, speed metal, hardrock
InstrumentGitar
Kjende instrumentGibson Flying V
Hamer KK Downing Signature model
Fender Stratocaster
Tilknytte artistarJudas Priest
PlateselskapColumbia
Verka somMusikar, låtskrivar

BiografiEndra

Downing var fødd i West Bromwich. Han vart kasta ut heimefrå då han var 15 år, og droppa ut av skulen kort tid etter.[1] Seint i 1960-åra oppdaga Downing rocken og gitaren. Han var i hovudsak ein sjølvlærd gitarist.[2] Han var kraftig påverka av Jimi Hendrix og prøvde å etterlikne spelestilen hans.[2] Innspelingar som påverka Downing som musikar var mellom anna «Are You Experienced», «Axis Bold As Love» og «Electric Ladyland» av Jimi Hendrix, «A Hard Road» av John Mayall & the Bluesbreakers og «Fresh Cream» av Cream.[3] Downing spelte på alle Judas Priest-albuma frå Rocka Rolla til A Touch of Evil: Live.

Downing starta i det første bandet sitt då han var 17-18 år gammal i lag med tremenningen Brian Badhams på bassgitar (no i The Elkie Brooks Band) og trommeslagaren Martin Philips. Trioen spelte hovudsakleg eit par Cream-låtar og 12-taktsblues. Downing spelte gitar med bandet etter å ha vunne eit myntkast med Badham om kven om skulle spele gitar og bass.[2]

Før han vart med i Judas Priest gjekk Downing på kokkeskule og gjekk i kokkelære ved Lyttelton Arms i Hagley.[4]

Downing var kjend for dei aggressive rockegitarsoloane sine og den doble sologitarspelinga i lag med den andre Judas Priest-gitaristen Glenn Tipton.[5] Sjølv om dei to ofte byta roller, var Downing ofte rytmegitarist, medan Tipton spelte gitarsoloane. Frå Stained Class og framover vart Tipton den satid meir dominerande låtskrivaren i Judas Priest, særleg på dei meir kommersielle songane, og Downing fekk ei mindre rolle i bandet.

Downing slutta offisielt i Judas Priest den 20. april 2011 etter at han kom på kant med resten av bandet. Richie Faulkner erstatta Downing.

KjelderEndra

  1. «Biography». Arkivert frå originalen 2014-10-06. Henta 10. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «K.K. Downing Interview». Guitarhoo!. Guitarhoo.com. 5 December 2012. Arkivert frå originalen 2017-10-23. Henta 10. september 2016. 
  3. «K.K. Downing Interview – Fave 5 Reviews». Gitarhoo!. Gitarhoo.com. 17 December 2012. Henta 10. september 2016. [daud lenkje]
  4. Matt Cooper and Dave Tindall (3 November 2009). «interview with KK Downing». Golf365. Henta 10. september 2016. 
  5. Judas Priest Info Pages – K.K. – Glenn Profile, arkivert frå originalen 2008-09-14, henta 10. september 2016 

BakgrunnsstoffEndra