Rick Braun
Rick Braun (fødd 6. juli 1955) er ein smooth jazz-trompetist, multiinstrumentalist og plateprodusent.[1]
Rick Braun | |||
Rick Braun på scenen i 2005 | |||
Fødd | 6. juli 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Allentown i USA | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Smooth jazz, jazzfusion, pop | ||
Instrument | Trompet | ||
Tilknytte artistar | BWB, Philippe Saisse, Auracle, Richard Elliot | ||
Plateselskap | Artistry Music, Mack Avenue | ||
Verka som | Musikar |
I 1970-åra vart han medlem av jazzfusionbandet Auracle medan han studerte på Eastman School of Music.[1][2]
I 1980-åra gjekk han inn i popverda og gav ut eit album i Japan som songar, før han arbeidde som låtskrivar for Lorimar (Warner Chappell). Han skreiv songen «Here with Me» med REO Speedwagon, og denne vart ein Topp 20-hit.[1][2] Då han vendte attende til trompet, byrja han som studiomusikar og turnémusikar for artistar som Crowded House, Natalie Cole, Glenn Frey, Tom Petty, Sade, Rod Stewart, Tina Turner og War.[2]
Han gav ut det første soloalbumet sitt, Intimate Secrets, i 1992, etterfølgd av Night Walk og Christmas Present. I 1995 kom Beat Street, som varat ganske populært.[1][3]
Braun spelar i bandet BWB med saksofonisten Kirk Whalum og gitaristen Norman Brown.[4]
I 2005 starta han og saksofonisten Richard Elliot ARTizen Music Group (i dag kalla Artistry Music) og hadde ein gong Rykodisc som distributør.[5]
Diskografi
endreAlbum
endreTittel | År | Selskap | Merknad |
---|---|---|---|
Intimate Secrets | 1992 | Mesa/Bluemoon | |
Night Walk | 1994 | Mesa/Bluemoon | |
Christmas Present: Music of Warmth & Celebration | 1994 | Atlantic/Wea | |
Beat Street | 1995 | Mesa/Bluemoon | |
Body and Soul | 1997 | Mesa/Bluemoon | |
Full Stride | 1998 | Mesa/Bluemoon | |
Shake It Up | 200 | Warner Bros. | med Boney James |
Kisses in the Rain | 2001 | Warner Bros. | |
Esperanto | 2003 | Warner Bros. | |
Yours Truly | 2005 | Artizen | |
Sessions: Volume 1 | 2006 | Artizen | |
R n R | 2007 | Artizen | med Richard Elliot |
All It Takes | 2009 | artistry/Mack Avenue | |
Sings with Strings | 2011 | artistry/Mack Avenue | |
Swingin' in the Snow | 2012 | Brauntosoarus/CD Baby | |
Can You Feel It | 2014 | artistry/Mack Avenue | |
Around the Horn | 2017 | Shanachie |
BWB (Rick Braun, Kirk Whalum, Norman Brown)
endreTittel | År | Selskap |
---|---|---|
Groovin' | 2002 | Warner Bros. |
Human Nature | 2013 | Heads Up |
BWB | 2016 | Mack Avenue |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rick Braun» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Ankeny, Jason. «Rick Braun». AllMusic. Henta 6. juni 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Walker, Chris (1. desember 1998). «Rick Braun: Brass Action - JazzTimes». JazzTimes. Henta 6. juni 2018.
- ↑ Yonke, David (13. februar 2004). «Toledo Blade - Google News Archive Search». news.google.com. Henta 6. juni 2018.
- ↑ Graybow, Steven (2. november 2002). «Jazz Notes» 114 (44). Billboard: 46. Henta 6. juni 2018.
- ↑ Ouellette, Dan (14. mai 2005). «Jazz Notes: «Citizen Art»» 117 (20). Billboard: 45. Henta 6. juni 2018.