Riefensberg
Riefensberg er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som høyrer til distriktet Bregenz, dekker eit areal på 14,8 km² og hadde 1037 ibuarar i 2016. Landsbyen Riefensberg ligg 781 meter over havet. Kommunen grensar i aust til delstaten Bayern i Tyskland.
Landbruk og turisme er dei dominerande næringane i kommunen, der 45% av arealet vert nytta til jord- eller skogbruk. 36 % av flatevidda er skogvaksen, medan 12 % er snaufjell.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Riefensberg» frå Wikipedia på tysk, den 30. april 2016.