Rikard Olsen
Rikard Olsen (15. november 1864–10. mars 1933) var ein norsk målarmeister og stortingsmann frå Holmestrand, som representerte Venstre.
Rikard Olsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. november 1864 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Rikard Olsen på Commons |
Olsen var son til ein målarmeister, og vart sjølv utlært målarmeister på faren sin verkstad. Han gjekk tre vintrar på skular i Kristiania, eine året var han ved den kongelege kunst- og handverksskulen der han lærte teikning og dekorasjon. Frå 1886 var han målarmeister i heimbyen Holmestrand. Attåt var han teiknelærar ved ein kveldsskule i Horten frå 1901 og ved døveskulen i Holmestrand frå 1903.
Olsen var medlem av Holmestrand bystyre 1898-1904 og frå 1907 til -28. Han var byen sin representant på Stortinget i tida frå 1906 til -09, medan han frå 1910 til -18 representerte ein større valkrins. Dei tre fyrste stortingsperiodane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1910-12 som sekretær og 1913-15 som nestformann. I 1913 var han dessutan medlem av den utvida næringskomiten nr 2. Same året deltok han på den interparlamentariske konferansen i Haag. Valbolken 1916-18 var han medlem av justiskomite nr 2.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914