Rikke Granlund
Rikke Marie Granlund (fødd 14. november 1989) er ein norsk handballspelar frå Oslo. Ho er målvakt, deltok for Noreg i så vel EM 2020 som VM 2021. Granlund har per 1.1.2022 spelt 12 landskampar for Noreg.
Rikke Granlund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. november 1989 (34 år) Oslo |
Idrett | handball |
Karriere
endreKlubbspel
endreGranlund spelte på Bækkelaget fram til 2012. Sidan var ho Nordstrand-spelar fram til 2016. Då handballklubben gjekk konkurs, flytta ho til Halden HK. Våren 2017 gjekk også Halden HK konkurs. Granlund valde då å spele for Oppsal IF på nivå 2 i seriesystemet. Sommaren 2018 fekk ho kontrakt med det danske topplaget Esbjerg. Allereie i sin fyrste sesong vart ho dansk meister med laget, ein prestasjon ho og Esbjerg-mannskapet kopierte året etter. Våren 2019 nådde Esbjerg finalen i EHF-cupen, der det vart tap 42–47 mot Siófok KC frå Ungarn. Sidan hausten har Granlund kontrakt med det franske fyrstedivisjonslaget Chambray Touraine.
Landslagsspel
endreGranlund fekk sin landslagsdebut 25. november 2020. Ettersom Silje Solberg var smitta av COVID-19, fekk Granlund plass i den norske troppa til EM 2020 i Danmark. Ho fekk då spele kampar i innleiinga av turneringa. Under verdsmeisterskapen 2021 var ho tredje-målvakt, deltok i kampar i innleiingsrunda.
Merittar landslag
endreMerittar klubblag
endre- Dansk meister: 2019 og 2020 med Esbjerg
- EHF-cupen: Tapande finalist med Esbjerg