Svein Longva (fødd 20. desember 1943 i Oslo, død 16. april 2009) var utdanna cand.oecon. og arbeidde i Statistisk sentralbyrå frå 1968 til 2004. Frå 1991 var han administrerande direktør same stad. Frå 1. januar 2005 og til han døydde var han riksmeklingsmann.

Svein Longva
Fødd 20. desember 1943
Død

16. april 2009

Yrke samfunnsøkonom

I tillegg var han mellom anna leiar av Teknisk beregningsutvalg (TBU), Levekårsutvalget av 1993, Barnefamilieutvalget av 1996, og medlem av Sysselsettingsutvalget. Han var også styremedlem i Vestlandsforsking og Transportøkonomisk institutt, og leidde i perioden 1999–2003 samarbeidsorganet for europeiske statistikkbyrå, The Bureau of the Conference of European Statistician (CES). Longva var også professor II ved Universitetet i Bergen frå 1989 til 1992.

Han vart i 2004 utnemnd til riddar av fyrste klasse i Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for det store samfunnsengasjementet sitt.

BakgrunnsstoffEndra