Riple skule
(Omdirigert frå Riple skole)
Riple skule er ein liten barneskule på Nedre Totland i Fana bydel i Bergen kommune. Skulen er ein fådeltskule, der to eller fleire årstrinn går i same klasse.
Kretsen her fekk det første skulebygget sitt i 1904, men det noverande bygget vart oppført i 1983, teikna av Einar Tønseth. Skulen ligg i Totlandsvegen 415 og har sju tilsette.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.