Risto Laakkonen
Risto Laakkonen (fødd 6. mai 1967 i Kuopio) er ein finsk tidlegare skihoppar.
Risto Laakkonen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 6. mai 1967 (57 år) Kuopio |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp |
Laakkonen debuterte i verdscupen i 1986 i Harrachov med ein åttandeplass. Dei neste åra høyrde til han verdstoppen, og i 1988 og 1989 vann han verdscuprenn i Thunder Bay i Canada.
Vinteren 1988/89 gjekk han til topps samanlagt i den prestisjetunge hoppveka. Den same sesongen oppnådde han òg si beste samanlagtplassering i verdscupen – han blei nummer sju.
Under VM 1989 i Lahti blei Laakkonen verdsmeister i laghopping, og kom på andre plass under VM 1991 i Val di Fiemme. Under OL 1992 tok han òg gull i laghoppinga. Etter OL-sesongen la han opp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Risto Laakkonen» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Risto Laakkonen – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Risto Laakkonen» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.