Rita er eit kvinnenamn danna som ei kortform av ulike namn.

Namnet er særleg kjend frå italiensk, og kan vera kort for namn som endar på -rita, til dømes Margarita eller Marita.

Rita namnedag den 27. juli i Noreg, den 6. mai i Sverige og den 17. februar i Finland. Varianten Riitta har finsk namnedag den 1. februar.

Bruk endre

 
Rita Ottervik er ein norsk ordførar fødd i 1966.
Foto: Harry Wad

Rita var mykje brukt i USA på 1900-talet, særleg rundt 1930, då over 0,45 % av nyfødde jenter fekk namnet. Bruken gjekk nedover frå slutten av 1940-talet.

Rita var blant dei mest brukte namna for norske jenter fødde først på 1960-talet. I 2009 var det 6 539 kvinner i Noreg som heitte Rita.

Namneberarar endre

Annan bruk endre

Kjelder endre